nyhende

Kjersti Sæterdalen
Kjersti Sæterdalen var på informasjonsmøtet er positiv til planane om motorpark.

Usemje om motorpark: – Dei ville ikkje forstå kva som vart sagt

Fjellstadfolk gjev delte reaksjonar på Fjord Motorpark sitt informasjonsmøte. Ei kvinne forstår uroa for støy, men opplevde at fleire til stades misforsto med vilje kva som vart sagt. – Dei lovar gull og grøne skogar, seier kritisk mann.

Publisert Sist oppdatert

Ho bur der ikkje lengre då ho har flytta heimeifrå, men kjem ofte tilbake på besøk til foreldra sine på Fjellstad. Kjersti Sæterdalen fortel ho var ei av fleire på møtet som ikkje budde på Fjellstad.

– Korleis gjekk møtet?

– Det gjekk fint. Fjord Motorpark (FMP) starta med informasjon om området som grunneigarane vil selja til dei. Hovudbekymringa til dei på møtet var støy og at urørt natur vert teken, seier ho.

Eit pluss for Sveio

Ho er motorinteressert og har sidan barndomen vore på mange biltreff. Sæterdalen legg ikkje skjul på at ho er positivt til motorpark i Sveio.

– Ja, men samstundes forstår eg veldig godt dei som er bekymra for støy. Men, retningslinene og krav rundt støy er veldig strenge, og FMP har ikkje lov å støya så mykje som nokon fryktar, seier Sæterdalen.

I hennar auge vert ein motorpark eit svært positivt tilskot til kommunen, heilskapleg sett.

– Ein fin investering for bygda som kjem til å trekka masse folk, seier Sæterdalen.

– Kjenner du bilinteresserte utanfor Sveio?

– Ja, frå Stord og Haugesund. Dei køyrer til banen i Eigersund for å øva og kosa seg, svarar ho.

– Kva seier dei om mogeleg motorpark i Sveio?

– Dei er kjempepositive. Kortare veg og meir kjentfolk og møteplass for dei på Haugalandet, legg ho til.

Misforstår med vilje

Sæterdalen trekk fram at motorpark er også eit pluss for ungdom med motorinteresser, noko ho trur det er mykje av i nærleiken. Frykt for støy forstår ho, men trur den er overdriven.

– Eg trur ein kjem til å høyra naboen som klipper plenen betre enn ein bane som er vel over 700 meter unna, seier Sæterdalen.

Ho opplever bekymringa for naturen litt merkeleg, sidan plan for å byggja symjehall også kjem til å gjera krav på urørt natur, men då utan protest. Sæterdalen opplevde nokre bebuarar som usaklege, og at dei misforstod med vilje. Representantane frå FMP fortener i hennar auge ros for korleis dei handterte slik oppførsel.

Ikkje imponert

– I kampens hete kan ein verta litt oppjaga, og då kjem det fort ein morosam eller noko spydig kommentar, seier Helge Mørk Jensen.

Han er fjellstadbu og ivrig turgåar i området. Jensen var ikkje imponert over møtet. Fleire plansjer var gamle, og viss noko vart misforstått så hadde FMP mogelegheit til å oppklara misforståinga. Jensen meiner ein må hugsa at FMP kjem til å presentera planane sine i best mogeleg ljos.

– Det er meir enn kva dei legg fram. Det har konsekvensar for heile Sveio sentrum, seier han.

Jensen understrekar at han ikkje er negativ til motorpark i seg sjølv, men at det er plasseringa som vert feil.

– Eg er negativ til å legga den der det er høgast befolkningstettleik. Det er glimrandes at det blir laga noko for ungdom i Sveio som ikkje er interessert i korps eller fotball, men heilskapleg sett vert det negativt i vektskåla samanlikna med korleis det kjem til å verka inn, forklarar han.

– Kommunen bit på

Området vert allereie nytta svært godt i hans auge. Turgåing, hesteriding og ikkje minst gruppa som held trening for redninghundar, er alle aktive langs Paddevegen. Jensen sakna meir informasjon på møtet.

– Men det er mykje dei ikkje kan vita før seinare i prosessen?

– Ja, men det har allereie vore gjort ei konsekvensvurdering på området som fekk negativ tilråding. Eg føler FMP legg fram eit åte for kommunen og seier «her er det mykje pengar», og kommunen bit på utan å blunka, seier han.

– Kva synest du om at administrasjonen og formannskapet stilte seg positive på tross av negativ tilråding?

– Det likar eg ikkje, svarar Jensen.

Dei lokale var her først

Han peiker på at dei lokale var der først, og at eit anlegg 750 meter unna kjem til å skapa problem. Om ikkje berre støy, så innverknad på eigedomane sine verdiar.

– Me busette oss her for ein grunn. Me er trass alt dei beste ambassadørane for Sveio. Viss me må flytta herifrå grunna støy så er det ikkje bra for kommunen, seier han.

Powered by Labrador CMS