NPK-NTB: Fotvask i kyrkja på skjærtorsdag kan bli ein del av liturgien i Den norske kyrkja. Nokon ønskjer tradisjonen velkommen, andre meiner det kan bli ukomfortabelt.
Ritualet er godt etablert i katolsk liturgi, og no kan det òg komme til Den norske kyrkja, skriv Vårt Land. Ifølgje Johannesevangeliet vaska Jesus føtene til disiplane før det siste måltidet han åt saman med dei.
I ein høyringsrunde blant kyrkjelydar og bispedømmeråd gir 75 tilslutning til å innføre fotvask som eit valfritt element i påskeliturgien. 17 er imot endringa.
Ein av dei er leiar Karin-Elin Berg i Borg bispedømmeråd.
– For mange er fotvask ein ukjend og framand skikk. Vi fryktar derfor at folk vil fokusere meir på ubehaget ved å oppleve det enn det det faktisk skal formidle, seier ho.
– I antikken var det eit uttrykk for gjestfridom. Men det er jo ikkje noko ein driv med i dag. Derfor kan det opplevast framandt. Fotvask er òg ei intim handling som nok kan opplevast ukomfortabelt av ein del, seier Berg.
Forslaget til endringar i liturgien i påska blir behandla av Kyrkjerådsmøtet fredag.