nyhende

NRK-veteranane Joar Hoel Larsen og Eva Bratholm kjem til Sveio for å snakka om presidentvalet i USA.
NRK-veteranane Joar Hoel Larsen og Eva Bratholm kjem til Sveio for å snakka om presidentvalet i USA.

– USA på veg mot diktatur?

I kveld kjem dei to tidlegare NRK-journalistane og utanrikskorrespondentane Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen til Sveio for å snakka om presidentvalet i USA.

Publisert Sist oppdatert

«Skjebneval i USA – eit demokrati på frivillig veg mot diktatur?» er tittelen på foredraget, går det fram av ei pressemelding som Kjell Gunnar Nymark har sendt oss på vegne av dei lokale arrangørane Sveio senioruniversitet og Sveio folkebibliotek i samarbeid med Vestland fylkeskommune. Besøket i Sveio er del av ein foredragsturné for dei to NRK-veteranane.

Opptar nordmenn

Nordmenn er opptekne av valet i USA, men mykje er vanskeleg å forstå, konstaterer foredragshaldarane. Dette gjeld både valsystemet, og korleis kulturelle og sosiale tilhøve verkar inn på veljarane, heiter det i førehandsomtalen.

– Presidentvalet kjem til å bli dyrare og bitrare en nokon gong, denne gongen blir det kanskje også det viktigaste:  Er demokratiet trua? Kan de bli borgarkrig? Eller er folkestyret så solid at det uansett vil vinne over alvorlege politiske kriser og djupe sosiale splittingar? Denne gongen er det likevel mange som meiner at sjølve det politiske systemet er trua og at demokratiet står på val.

Dette og mykje meir skal Bratholm og Larsen freista å gi gode svar på. Dei vil også ta for seg sakene som er mest framme i  den amerikanske valkampen.

Personvalet

– Det er nok av saker å gripa tak i: Helse og skule, illegal innvandring og sjølvbestemt abort, internasjonalt samarbeid kontra «America First». Og kven er best eigna til å styra, ei kvinne med innvandrarbakgrunn – visepresident Kamala Harris – eller en hvit mann – eks-president Donald Trump?

Det blir også høve til å stilla spørsmål frå salen. Møtestaden blir Vigdartun, der det også blir sal av mat og kaffi eller te. Arrangementet er gratis, men for å sikra seg plass oppfordrar arrangørane alle interesserte til å sikra seg gratisbillett via Sveio folkebibliotek sine nettsider.

Foredragshaldarane

Eva Bratholm har mellom anna vore korrespondent for NRK i USA. Seinare har ho vore informasjonssjef i Posten, informasjonsdirektør i Norad og ambassaderåd den den norske ambassaden i Dehli i India.

Joar Hoel Larsen blei tilsett i NRK i 1977 og har vore korrespondent i Latin-Amerika og USA og jobba som journalist for NRK i India.

Begge har skrive fleire bøker med tema frå USA.

Powered by Labrador CMS