nyhende

Asle G Halleraker
Asle G. Halleraker er (TvF) uroa over undersøking der dei kommunale barnehagane i Sveio kjem dårleg ut.

Uroa over utviklinga i barnehagane

Asle G. Halleraker (TpF) er uroa over kvalitetsutviklinga i dei kommunale barnehagane i Sveio og tok dette opp på formannskapsmøtet måndag.

Publisert Sist oppdatert

Halleraker viste til Utdanningsdirektoratet si foreldreundersøking, som mellom anna blei omtalt i Haugesunds Avis 30. mars.

Her kom det fram at av 83 barnehagar på Haugalandet låg Sveio barnehage på 81. plass og Førde barnehage 83. plass når det gjaldt spørsmålet om kor nøgde foreldra er med tilbodet.

Bua på 10. plass

– Tidlegare var dei kommunale barnehagane våre på topp, sa Halleraker.

Blant alle barnehagane i Sveio kom Bua kultur- og friluftsbarnehage best ut og hamna på 10. plass, Espira Solkroken på 22. plass, Gjermundshaugen FUS-barnehage på 33. plass og Læringsverkstedet Ekrene Natur- og Gardsbarnehage på 40. plass.

– Kva er årsakene og kva kan gjerast, ville Halleraker vita.

Ber om sak

Han peika sjølv på nokre av årsakene som kjem fram i undersøkinga, som dårleg informasjon og misnøye med utemiljøet.

Det blei semje om å be om ei sak til hovudutvalet og formannskapet om dei utfordringane som blir avdekka i direktoratet si undersøking.

Powered by Labrador CMS