nyhende
Uroa over ny E39
Fleire representantar stilte Henry Damman frå Vegvesenet spørsmål om ny E39, mellom anna om kompensasjonsordning for dei som må flytta. – Familiar tapar pengar på det, sa Kristian Haaland (Ap).
Før kommunestyremøtet måndag kveld gjentok Henry Damman frå Statens vegvesen noko han har varsla om før.
– Dette vert den vanskelegast saka dykk kjem til å handsama, sa han til kommunestyret.
Ei vurderingssak
Vegvesenet var til stades for å halda presentasjon av ny E39 mellom Bokn og Bømlafjorden, og svara på spørsmål frå representantane. Vegvesenet har lagt fram forslag til ny E39, kor det fleire stader er to alternativ å velja mellom. Uansett vil det råka sveibuar. Ein av dei som stilte spørsmål til Vegvesenet var Kjartan Moe Hustvedt (MDG).
– Kor mykje endringar kan gjerast med vegen ut i frå ynske frå lokalbefolkninga, spurde han.
Damman forklara at det var tidleg i prosessen og difor vanskeleg og gje eit konkret svar. Det kjem an på kva endring, og ikkje minst årsaka til ynsket om endring.
– Kor alvorleg må konsekvensen vera for at noko skal endrast, spurde han.
– Det er ei vurderingssak. Om nokon har informasjon me ikkje har sett angåande områda som vert råka, må me sjølvsagt gjera ei ny vurdering, svara Damman.
Må leva med usikkerheit
Hustvedt sine spørsmål gjekk på det generelle om ny E39 gjennom Sveio og kor stor påverknad dei har. Frå to av Arbeidarpartiet sine representantar kom det meir spesifikke spørsmål. Anne Lise Økland (Ap) gjekk nyleg tur i Valevåg og såg rundt seg etter kor ny veg, og mogelegvis ny Bømlafjordstunnel skal koma. Ho lurte på kvifor plasseringa til ny tunell ikkje vart presentert samstundes.
– Ein ting er korleis ny veg vil påverka lokalbefolkninga, men å vita at det seinare skal koma ny Bømlafjordtunnel, men ikkje kvar er også eit problem, sa ho til Vestavind i pausen.
Vegvesenet svara at det er eit av Noreg sine største prosjekt med nesten sju mil med ny veg. Damman var heilt ærleg på at usikkerheit ikkje er noko dei kan gjera noko med i første omgang.
– Eg forstår usikkerheita og at den ikkje er kjekk. Den vil henga med i fleire år, svara han til Økland.
Ho fryktar at val av trasé vert det som går gjennom Middagshaugen, sidan det andre alternativet med veg i tunnel er dyrare.
Liv, kvardag og økonomisk tap
Ei velforeining på Middagshaugen i Valevåg har tidlegare skrive lesarbrev om uroa. Om det ikkje vert tunnel gjennom Husafjellet i Valevåg, så vil den nye vegen råka deira nabolag hardt.
Representant Kristian Haaland (Ap) spurde difor om Vegvesenet har tenkt på korleis dei skal kompensera valevågbuane.
– Prisen ein får for eit hus i Valevåg gjev ikkje nok til å berre kjøpa eit nytt hus ein annan stad, til dømes Haugesund, sa Haaland.
– Det finst statlege reglar for det, svara Damman, og viste til regelverket for kompensasjon i slike saker.
Haaland sa vidare han var uroa. Viss traseen gjennom Middaghaugen vert valt ,og mange vert tvinga til å flytta, så vil dei stå att med dårlegare økonomi i tillegg til alt arbeidet med å flytta på liv og kvardag.
– Familiar tapar pengar på det, sa Haaland.
Så mange som mogeleg må koma
Damman svara godt på spørsmål, og var glad for at representantane var ivrige. Han understreka at dette er eit svært viktig prosjekt for Noreg som nasjon, og viste til kor mykje av verdiskapinga som skjer langs vestlandskysten.
– Vegen legg rammevilkår for vidare utvikling. Trafikken skal tredobla seg på 30 år enkelte stader, sa han.
Damman ynskjer så god og informert offentleg diskusjon om traseane som mogeleg, sidan det er lokalpolitikarar som sjølv skal avgjera kor ny veg skal gå.
– Me har gjeve avgjersla til kommunane sjølv, etter oppmoding frå regjeringa, sa Damman til Vestavind i ein pause.
Vegvesenet oppmodar at folk kjem på det opne møtet i Førde samfunnshus klokka 18.00 den 14. november.
– Då kan folk koma og få stilla sine spørsmål, sa Damman.