nyhende
Uroa for kalde kommunale leilegheiter
Arne Valen (Sp) er bekymra for at dei som bur i kommunale leilegheiter må velja mellom å frysa eller dyr straumrekning. Måndag fekk han svar. — Nedslåande, seier Valen.
På slutten av måndagens kommunestyremøte fekk Arne Valen endeleg svar på noko han har lurt på sidan november 2022.
Han var uroa for at dei som bur i kommunale leilegheiter må velja mellom eit kaldt heim eller høgt straumforbruk.
Fyra for kråka
— Det er leigetakar som betalar straumrekninga om ein i praksis «fyrer for kråka», skreiv Valen i spørsmåla til kommunen.
Difor spurte han administrasjonen i kommunen om, mellom anna, kva energistatusen er i kommunale bueiningar, og kor mange av dei som har installert varmepumpe.
— Vanlegvis er det folk frå låginntektsgrupper som bur i kommunale leilegheiter. Dei må gjerne ta til takke med den byggtekniske standarden som er der, skreiv Valen.
Varierande standard
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) las opp svaret frå administrasjonen, og gav eit nyanserande bilete.
— Standarden på einingane er litt varierande. Nokre er relativt nye og energiøkonomiske. Nokre ligg samanbygde med andre husvære og kan såleis ha ein bra enøksituasjon, sa ho.
Vidare i svaret heiter det at enøktiltak på kommunale bustader er rasjonelt å sjå i samanheng med behov for generell oppgradering og vedlikehald.
Sveio kommune har totalt 64 utleigeeiningar utanom sjukeheimsplassane. Av dei har fire sentralisert varmepumpeanlegg, tre einingar har mindre varmepumper og 23 har varmepumpe i fellesareal, men ikkje i sjølve leilegheitene. Dei resterande 34 er utan.
Ein tankevekkjar
Valen er ikkje nøgd med svaret og kallar situasjonen nedslåande.
— Berre knappe 11 prosent av kommunale leilegheiter har varmepumpe installert. Det er berre 7 av 64 bueiningar, seier Valen.
Han meiner noko må gjerast for å redusera straumkostnadane til leigetakarane deira.
Valen reagerer på at kommunen har gjort fleire tiltak for å redusera eigen straumrekning, men ikkje leigetakarar sine rekningar. Særleg grunna at fleire av dei er personar i låginntektsgrupper.
No kjem han med ein oppmoding til sine kollegaer. Kommunestyret må prioritera pengar i revidert budsjett til enøktiltak.
— Hadde kommunen betalt straumen i desse einingane, ville det sett annleis ut. Det er ein tankevekkjar, seier Valen.