nyhende
Informasjonsmøte 2:
– Uproblematisk å kjøpa skuleplassar
Begge fylka Sveioungdomen bruker til vidaregåande skule let vel over avtalen der dei kjøper plasser av kvarandre. – Det er uproblematisk for oss, seier Bjørn Lyngedal i Vestland fylkeskommune.
Torsdag kveld handla det om fylkestilhøyrsle. På førehand var det lova informasjon om kollektivtransport og vidaregåande opplæring, noko både Vestland fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune stilte med, likeeins busselskapa Skyss og Kolumbus.
– Her var lite folk med ungar i skulen. Helst gubbar og besteforeldre, kommenterte eit par karar som plasserte seg på bakre rekke i møtelokalet. Ernst Lie og Einar Wierdal putta med det seg sjølv i den kategorien, og håpa på at dei med ungdom heller følgde møtet heime.
Skule og kollektivtransport
Bjørn Lyngedal, opplæringsdirektør i Vestland fylke var med i møtet. Han ser heilt klart at det er lettare for Sveio-ungdomen å gå på skule i Rogaland.
Tunnelsamband mellom kommunane i Sunnhordland ser ikkje ut til å ha gitt utslag i mange fleire elevar i nabokommunane i nord, per dags dato er det rundt ti Sveio-elevar som går på vidaregåande skule i Vestland, og 189 i Rogaland.
– Det er uproblematisk for oss. Me har ein god avtale der me kjøper elevplassar hos kvarandre, og me veit at kvaliteten på skuledrift stort sett er god, dei fleste skular gjer ein utruleg god jobb, sa Lyngedal.
Oppfølging
Det var ikkje så mange som brann inn med spørsmål, men nokre av dei lokale politikarane som var med i møtet fekk ordet. Mellom anna vart det stilt spørsmål om oppfølgingstenesta, ei fylkeskommunal teneste som hjelper unge som ikkje er i vidaregående opplæring.
Dersom ein Sveio-elev i Rogaland hoppar av eit utdanningsløp, blir han eller ho følgt opp på Stord.
– Fungerer det fullgodt når me tar inn elevar på tvers av fylka? ønska Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) svar på.
Møtedeltakarane frå Vestland fylkeskommune vedgjekk at dei ikkje sat med dei rette svara, men det vart opplyst at dei etter fylkessamanslåinga har organisert eit nytt tilbod kalla rettleiingstenesta, der PP-tenesta og oppfølgingstenesta er samla. Samla sett er dei nærare ungdomane no enn før.
Representanten frå Rogaland fylkeskommune hadde førstehandsinformasjon om korleis det går føre seg, og forsikra om at dei blir ivaretatt.
– Når ein Sveio-elev sluttar blir han overført til oppfølgingstenesta i Vestland. Oppfølgingstenesta sit på skulane. Ein er i direkte dialog, og kjenner godt til problemstillingane og utfordringar rundt eleven, forklarte Bente Døsen, rektor på Karmsund videregående skole.
Bussavgangar
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) nytta høvet til å høyra med Skyss om dei hadde planar om å ha hyppigare bussavgangar på vår kant, noko ungdomar gir uttrykk for at det kan bli betre.
– Me har ikkje umiddelbare planar om å endra rutetidspunkt på nåverande tidspunkt. Me er veldig forsiktige med å planleggja nye avgangar nokon som helst stad. Me følgjer med på utviklinga og reisemønster etter pandemien, sa Merethe Mæland frå Vestland fylkeskommune.
Ellers vart det frå mobilitetsselskapa i begge fylke uttrykt at dei har eit godt samarbeid seg i mellom.
67 var innom
Til stades i kommunestyresalen var det 17 tilhøyrarar, alle inkludert, få av dei utan politisk tilknytning. Heime var rundt 50 ulike innom møtet i tida det varte denne torsdagskvelden.
Ordføraren synest møtet, som varte i 1 time og 20 minutt var interessant, og er glad for at begge fylka stilte med representantar frå både utdanning og samferdsel. I tidsrommet viste rundt 67 interesse, både fysisk og frå skjerm.
– Møtet ligg ute digitalt. Eg oppmodar alle til å ta ein kikk, seier Erve.
Einige
Tilbake på bakrekka er dei to karane einige om at det høyrest best ut å bli i Vestland til no i prosessen, sjølv om dei ser fordelen med skulane for ungdomane.
– Me får halda oss her me er. Me veit kva me har, seier Wierdal, som flytta til Sveio i 1970.
Lie har fått med seg begge informasjonsmøtene til no, men klarar ikkje å sjå nokre klare fordelar med Rogaland enda.
– Eg held ein knapp på Vestland foreløbig, seier Lie.
Dei to synest heile prosessen kom noko brått på, og kunne tenkt seg at ein brukte lengre tid på å venna seg til tanken, og dermed betre sett seg inn i fordelar og ulempar med begge fylka.