nyhende

ILLUSTRASJONSFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

Up med storfangst på Haukås

21 førarar gjekk i garnet. Ein får ikkje køyre bil på ei stund.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje mange stadar på Haugalandet at Utrykkingspolitiet dreg inn like mykje til statskassa som på Haukås i Sveio.

Den sikre «fiskesona» svikta heller ikkje onsdag kveld, ifølgje ei melding frå Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Dette vart fasiten:

  • 1 førarkortbeslag då kveldens travlaste sjåfør vart målt til 122 kilometer i timen. Han vart mål i ei 80-sone i området.
  • 12 forenkla førelegg for høg fart.
  • 8 forenkla førelegg for ikkje å ha stoppa ved full stopp-skiltet på staden.
Powered by Labrador CMS