nyhende

Dei siste fem åra har brannvesenet hatt 7.408 oppdrag i samband med brannar i skorstein. Foto: Shutterstock / Tryg Forsikring
Dei siste fem åra har brannvesenet hatt 7.408 oppdrag i samband med brannar i skorstein.

Unngå pipebrann – sjekk veden

Brannvesenet rykte i fjor ut til 1.059 pipebrannar, viser ferske tal frå Tryg Forsikring. Hard vedfyring i kulda og bruk av fuktig ved er blant dei vanlegaste årsakene.

Publisert Sist oppdatert

Mange pipebrannar kunne vore unngått dersom folk bruker fuktmålar for å sikre at veden er turr nok, opplyser Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Veden bør ha maks 20 prosent fukt, elles kan beksot i skorsteinen ta fyr.

Tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) viser at pipebrann er blant dei vanlegaste brannårsakene. Dei siste fem åra har brannvesenet hatt 7.408 oppdrag knytte til skorstein, dei fleste om vinteren.

Tryg tilrår mellom anna å kjøpe fuktmålar, fyre med små mengder turr ved og sørgje for regelmessig feiing. Ved mistanke om pipebrann skal ein ringje 110 med ein gong.

Powered by Labrador CMS