nyhende
Unngå nedfallsfrukt, lag syltetøy av frukta til naboen
Sylte- og safte-entusiast Gunda Djupvik får stadig fleire førespurnader om korleis ho gjer det. No oppfordrar ho folk til å gå på slang viss dei kjem over uplukka hagar med frukt og bær.
Det nærmar seg slutten på sesongen for frukt og bær, men i norske hagar står det framleis mange uhausta avlingar og skrik etter å bli plukka.
– I gamle dagar gjekk vi på slang, men eg veit ikkje om ungane gjer det framleis. Dei kan jo betale tilbake med ei krukke syltetøy eller ei flaske saft. Kanskje dei får nokre nye vennar òg.
Det seier matbloggar og kokebokforfattar, Gunda Djupvik. Først og fremst foreslår ho å ringe på og høyre om hageeigarane treng hjelp, for om buskar og tre blir ståande uplukka er det heilt forferdeleg, meiner ho.
– Eg vil at folk skal følge med på det. Ofte er det eldre menneske som ikkje har kapasitet og ork til å plukke sjølv, seier ho.
Generasjon prestasjon
Kokk og konditor Sverre Sætre kom i fjor med boka «Frukt og bær». Han meiner at vi ikkje er like flinke til å utnytte desse råvarene som vi ein gong var.
– Det ser eg viss eg tar meg ein sykkeltur rundt i Oslo no. Då heng epla og rotnar. Skogen står full av blåbær, men vi kjøper heller på butikken. Eg synest det er synd, men eg forstår at det er utfordrande.
Både Djupvik og Sætre har vakse opp med foreldre og besteforeldre som sylta og safta. Sætre forklarer at det av naturlege årsaker var ein større kultur for slikt arbeid før i tida fordi dette var ein måte å konservere maten på før frysaren gjorde sitt inntog i den norske heimen.
– No frys vi stort sett alt saman. Eg er ein stor tilhengar av det. Det tar vare på smak viss du vil ha rørt syltetøy som du ikkje vil koke. Eg bruker ein del kombinasjonar der eg koker eit eplesyltetøy før eg frys det.
Djupvik har ein tilleggsteori på kvifor ho trur folk vegrar seg for sylting og safting.
– Det er den klassiske generasjon prestasjon. Folk er redde for å gjere feil. Då må eg seie: kor gale kan det eigentleg gå? Det er ingenting som eksploderer, det er ingen som kan døy. Viss det skulle skjere seg med syltetøyet, av og til gjer det det for meg at det myglar, det får så lite konsekvensar. Berre prøv. Eg synest folk skal kaste seg meir utpå.
Kjappe resultat
Då Djupvik som ung flytta frå Vestlandet til hovudstaden la ho frå seg dei gamle tradisjonane i fleire år før ho plutseleg tok dei opp att.
– Eg tok dei fram igjen fordi det var så gøy. Eg er eit utolmodig menneske og dette er noko som gir kjappe resultat. Det er tilfredsstillande når du står der i nokre timar og plutseleg har du 20 liter med syltetøy.
I 2012 skreiv ho boka «Sylting og safting heile året». No meir enn ti år etter merkar ho at den gamle kunsten er i ferd med å bli populær igjen ute blant folk.
– Eg har fått meir og meir spørsmål dei siste åra frå hagelag og andre som lurer på korleis eg gjer det. Eg trur folk har blitt meir opptatt av tradisjonsting. Dei sit bak datamaskina på jobb heile dagen. Då er det veldig bra å gjere noko anna når du kjem heim.
Mykje likør
Sverre Sætre minner om at sjølv om det er fint å konservere frukta og bæra til seinare bruk, så er det noko spesielt med å ete dei mens dei er i sesong, når dei smakar best.
– No det er mykje eple og dei er veldig gode. Det er modne plommer og det finst framleis både blåbær og tyttebær i skogen, sjølv om bærsesongen er på hell.
Men for Gunda Djupvik er det sesong året rundt. Og spesielt ei tid på året er ekstra gøy.
– Det er fullt lovleg å kjøpe frukt og bær på butikken. Det er ingen skam i det. Eg lagar mykje likør. Då kjøper eg fiken og dadlar på tilbod på nyåret og sleng dei på glas. Så slår eg på sprit som løyser ut aroma og smak. Sukkeret ventar eg med, så eg har kontroll på kor søtt det blir. Den artigaste kvelden på året er når du skal smake til likøren.
No er kjellaren hennar stabla full av saft, syltetøy, sirup og likør, som skal bli julepresangar til familie og slekt i desember.
– Dei treng jo ikkje endå ein lysestake til, slår Djupvik fast.