nyhende

Unik konsertoppleving i hagen

Pandemien sette Hilde Selvikvåg på ideen om å halda konsertar i hagane til folk. 31. mai kjem ho til Sveio og Guro Røher Eriksen sin hyttehage.

Publisert Sist oppdatert

Den første hagekonsertturneen gjekk av stabelen i 2021. Det vart ein så stor suksess at den Hilde Selvikvåg i år har starta på sin tredje hagekonsertturné. Selvikvåg skal besøka nesten 40 hagar frå 24. mai til 14. august over heile landet, frå Grimstad til Værøy. Deriblant Sveio i morgon.

— Endeleg var det min tur! I 2021 var eg for seint ute. I fjor feira me 40-årsdagane våre med hagefest, og då passa ikkje datoen. Men i år klaffa det altså, og eg gler meg veldig, seier Guro Røher Eriksen.

Blir rundt 40 personar

Konseptet er at dei som ønsker å få besøk av Selvikvåg melder seg på via nett. Så blir det gjort eit utval, og hageeigarane som får besøk administrer sjølv billettlenka og bestemmer kven og kor mange dei vil ha med på konserten.

— Me skal ha konserten på hytta i Auklandshamn og blir rundt 40 personar. Pinsehelga har me brukt til å gjera hagen klar. No er det berre fint vêr som manglar. Det såg veldig lovande ut for vel ei veke sidan med sol og 20 grader. Noko som har endra seg, men så lenge det ikkje blir regn skal me vera nøgde. Det er berre å kle seg etter vêret, seier Røher Eriksen.

— Utruleg gøy

Med popmusikk på klingande jærdialekt har Hilde Selvikvåg etablert seg som ein folkekjær artist. Etter det spellemannsnominerte debutalbumet har låtane hennar blitt spelt mykje på radio, og ho har blitt ein av dei mest spelte norskspråklege artistane. No er ho aktuell med sitt tredje album, «La det skje» som blei slept 21. april.

Med hagekonsertturneen går ho motsett veg av andre artistar og band som stadig spelar på større festivalar og arenaar. Sjøl seier ho dette om intimkonsertane i hagane til folk:

— Det er utruleg gøy å dra på ein turné som dette. Me kjem veldig nært på publikum og omgjevnadane deira. Noko som gir ei heilt spesiell oppleving. I alle fall for oss som står på scena.

Powered by Labrador CMS