nyhende
Unik gjerdeløysing teken i bruk i Sveio
Det virtuelle gjerdet Nofence, utvikla på Nordmøre, er teken i bruk i Sveio. Kvigene på Tveita er nå utstyrt med ein solcelledriven klave med GPS kopla mot eit digitalt kart. Når dei nærmar seg «gjerdet», får dei ei lyd-åtvaring. Kryssar dei det, følgjer eit støyt.
Jon Bergmål og far hans, Kristen Bergmål, driv saman gard med mjølkekyr og sau, og er blant dei første i Sveio som har teke nofence-utstyret i bruk. «Prøvedyra» er fem drektige kviger, som då Vestavind var på besøk gjekk fredeleg og beita på innmarka ovanfor gardshuset.
Etter kort tids utprøving er bøndene svært nøgde, – sonen Jon (det er junior som er Nofence-sjef på garden) har kontroll på dyra og kan styra dei dit beitet er godt og vekk frå uønska områder.
På garden har dei rundt 55 storfe, og rundt 75 vinterfôra sauer. Mjølkekvota er 150 000 liter. Heile arealet med eng og beite er på ca. 700 dekar, pakteareala medrekna.
Sparar tid og pengar
– I staden for å bruka mykje pengar på å opparbeida beite med å gjerda og laga vegar, kan me sleppa dyra ut og ha full kontroll. Når det er for lite mat kan me berre trykka på knappar så har me flytta dyra over på eit nytt beite, forklarar Jon Bergmål som viser oss korleis han teiknar digitale gjerder ved hjelp av peikefingeren.
Via ein app på mobilen kan han følgja med på dyra sin posisjon og rørsler via mobiltelefonen, og han kan kjapt flytta yttergrensene for beiteområdet. No er det slutt med å dra til nabobygda for å henta heim storfe på rømmen.
Lydvarsling og straum
Teknologien består i at dyra blir utstyrt med klavar med digital teknologi. Lydvarsling og straum markerar yttergrensa for beiteområdet. Det er Mattilsynet som har vurdert og godkjent bruken av nofence-teknologien, først på geit, i 2020 også på storfe og sau.
I følgje Bergmål har nyvinninga stor nytteverdi, ved at dei no kan ta i bruk areal som ikkje har vore nytta på eit par generasjonar. Det er perfekt sidan dei leiger areal fleire plassar rundt i kommunen.
– Dersom dette blir suksess, satsar me på å kjøpa inn fleire digitale klavar. Dei første fem kosta rundt 25 000 kroner, pluss ei årleg avgift på bruken, slik at det er ein relativt kostnadskrevjande investering. Noko av dette reknar me med å få dekka med tilskot gjennom SMIL-midlar, opplyser Bergmål.
Interessekonflikt
– Anar me ein komande interessekonflikt bonde/turgåarar?
– Det vil bli ein heilt anna kvardag, både for bonden og for turgåarar, i framtida, meiner Jon Bergmål som er leiar i Sveio bondelag. Han er ganske sikker på at mange bønder vil nytta seg av den nye teknologien, slik at turgåarar no bør vera førebudde på å møta beitedyr der det ikkje har vore slike på kanskje fleire generasjonar.
Bergmål meiner det blir ein tilvenningsfase, både for bonden og for resten av innbyggjarane som skal bruka arealet deira.
Ventar reaksjonar
– Eg er ganske sikker på at det vil koma ein del reaksjonar, men turgåarar må berre retta seg etter det som er. Me vil setja opp plakatar, der det blir vist til ein skannekode som gir signal om kor det går beitedyr. Men me vil også ha moglegheiter til å ta omsyn til typiske rasteplassar, opplyser Bergmål.
Tveita-bonden vil likevel minna turgåarar om at det er ikkje tillate å sleppa hund laus i utmarka. Det kan nemleg by på farlege situasjonar. For sjølv om beitedyra er tamme og van med folk, kan det utarta seg til farlege situasjonar dersom ein hund kjem inn i rekkene.
På sikt trur han det er fleire enn bøndene som vil ha glede av virtuelle gjerder, for når beitedyra har forsynt seg med bar og kvist, vil det bli meir framkomeleg i skogen.