nyhende
Unge skal få hjelp til ein grønare garderobe
Kvar europear kvittar seg årleg med 11 kilo tekstilar, og vi har sett sjokkerande medieoppslag om berg av dumpa vestlege klede i Chile og Ghana. No skal norsk ungdom få hjelp til å reparere og ta vare på favorittplagga sine i staden for å kaste dei.
Organisasjonen vil at vi nordmenn gjennom materialkunnskap, handverk og husflid skal bli meir ansvarlege forbrukarar. I det treårige prosjektet ønskjer Husflidslaget særleg å nå ut til aldersgruppa 18–35 år. Prosjektet skal inspirere og lære ungdom og unge vaksne å fikse og ta vare på kleda sine. Då kan dei spare både miljøet og lommeboka.
– Alt kan fiksast er ein del av satsinga vår «Haldbart», som igjen er knytt til FNs berekraftsmål om ansvarleg forbruk og produksjon. For å få ned overforbruket vårt, må ting fiksast i staden for at vi heile tida kjøper nytt når noko blir øydelagt. Vi meiner enkel kunnskap om husflid kan hjelpe oss på vegen, seier Kathrine Gregersen.
Fiksing på drop-in
Norges Husflidslag skal fram mot 2025 ha fokus på samanhengen mellom husflid og berekraft.
– Allereie i 2019 byrja vi med noko vi kallar fikselaug. Då arrangerer vi drop-in-samlingar der folk kan komme og få hjelp til å reparere øydelagde klesplagg. Interessa for desse treffa har vore stor blant unge. Mange av dei har jo ikkje tilgang på symaskin og anna utstyr på hybelen, men vi stiller med både utstyr og kompetanse, seier Gregersen.
Organisasjonen har fått 1.049.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet. Pengane skal gå til kursing i og formidling av reparasjonsteknikkar, og til etablering av fikselaug rundt i landet. Tiltaket skal gjere fleire i stand til å reparere klede og bli bevisste på eige forbruk.
Ungdomssatsing
No vil Husflidslaget nå ut til endå fleire unge med den målretta kampanjen for 18 til 35-åringar.
– Korleis vil de gjere det?
– Vi må vere der ungdommar er. Vi vil marknadsføre tiltaket der unge naturleg møtest, som på vidaregåande skular, utdanningsinstitusjonar og bibliotek og gjennom relevante lag og foreiningar. Vi har også laga eit fiksehefte og fiksefilmar der vi har samla teknikkar og viser korleis ting kan gjerast på ein enkel måte, fortel Gregersen.
For å dukke opp på eit fikselaug, krevst det ikkje medlemskap i husflidslag, og det er heller ikkje eit opplegg berre for syglade damer. Gutar og menn er hjarteleg velkomne.
– Det har faktisk vore ein del menn innom fikselauga våre. Dei kjem med alt frå den dyre favoritt-dongeribuksa si, til turbukser og skijakker som treng litt reparasjon. Vi er veldig medvitne om at vi må få med både menn og kvinner og nå ut med bodskapen vår til alle uansett bakgrunnskunnskap. Nokre har aldri teke i nål og tråd før, andre har symaskin heime, fortel Gregersen.
Omsorg gjennom eigne sting
I EU kastar kvar person i snitt 11 kilo klede årleg, samtidig som mindre enn 1 prosent av tekstilane i verda blir materialgjenvunne til nye tekstilar, ifølgje eit regjeringsnotat om EUs tekstilstrategi.
– Medieoppslaget nyleg om alle tonna med klede frå rike land som blir dumpa i ørkenen i Chile gjorde inntrykk, og ein kan fort tenkje at det er håplaust å gjere noko. Men det er ting vi kan gjere – vi må få ned forbruket og endre haldinga vår til klede. Ved å lære enkle grep for å reparere plagg trur eg mange får eit nytt syn på garderoben sin. Ein får omsorg for kleda på ein ny måte, seier Kathrine Gregersen.
– Men kan alt fiksast?
– Vi meiner iallfall at mange klede kan fiksast. Det er ofte enkelt og krev ikkje så mykje. Rettleiarane på fikselauga stiller med utstyr og kompetanse og er klare til å hjelpe folk med ulike reparasjonsoppgåver. Ofte har dei triks i ermet dersom noko er utfordrande, seier Gregersen.
Husflid på nye område
Med fikselaug får Norges Husflidslag marknadsført seg på ein ny måte for nye generasjonar. Tradisjonelle husflidsaktivitetar får ei ny innpakning.
– Mange tenkjer at husflid berre er bunad og gamle ting, men vi er tidsaktuelle. Tradisjonsrike handverksteknikkar kan brukast i nye samanhengar, og vi prøver å tilpasse oss kva medlemmene er interesserte i og kva som rører seg av trendar i tida, seier Kathrine Gregersen.
I år skal Norges Husflidslag også samarbeide med Naturvernforbundet på den nordiske «Klesbytedagen» den 26. mars. Då skal lokallaga ha reparasjonsverkstad på arrangementet.
– Vi vil gjere det lettare å ta miljøvenlege val i kvardagen. Klesbytedagen er noko alle kan vere med på, og som gjer det mogleg å fornye garderoben utan at det blir produsert meir klede. Dermed minkar vi både ressursforbruket og forureininga. Faktisk kjem så mykje som 8 prosent av globale klimagassutslepp frå tekstilproduksjon. Det er meir enn alle utslepp frå fly- og båttransport til saman, opplyser Janne Melbye Gillgren, prosjektleiar for Den store klesbytedagen i Naturvernforbundet.
Temaet i år er reparasjon.
– Gjennom kampanjen «#Ettårtil» og i samarbeid med husflidslaga vil vi få fram kor viktig reparasjon er for å forlengje levetida til klede. Ofte er det slik at det er favorittkleda våre som blir øydelagde. Brukar vi plagga våre dobbelt så lenge, blir klimautsleppet frå kleda halvert. Derfor er reparasjon eit viktig klimatiltak, meiner miljøorganisasjonen.
Klesbytedagen vart avlyst både i 2020 og 2021 grunna koronapandemien. No vonar ein at smittesituasjonen er under kontroll i mars i år og at folk kan møtast for klesbyting og fiksing.
(©NPK)