nyhende
Valomatane kan avgjere valet:
Unge omfamnar valomatane
7 av 10 unge tar valomat før stortingsvalet, og av dei svarer 8 av 10 at resultatet der har betydning for kva dei stemmer. Institutt for samfunnsforskning (ISF) kallar det ein snarveg til informasjon, men spør om snarvegen er for stor.
Det har vore lite forsking på korleis valomatar påverkar veljarane, men i den siste Lokalvalgundersøkelsen har forskarane frå ISF for første gong sett på dette.
– Valomatane ser ut til å ha størst betydning for unge, dei med lågare utdanning og dei med lågast politisk interesse – nettopp dei gruppene som kan ha nytte av denne typen verktøy, seier forskar Kari Steen-Johnsen ved ISF.
Undersøkinga viser at både kor mange som tar partitestar og om partitesten har betydning for stemmegivinga aukar jo yngre aldersgruppe ein ser på.
– Det kan ha med at unge er meir fortrulege med å bruke denne typen verktøy for å finne ut av politikk. Men også at dei er meir usikre, og at det derfor blir eit viktigare verktøy. Dei eldste er meir sett i partivalet sitt og har andre strategiar for å finne ut av kva dei skal stemme.
Ein lur snarveg, eller?
Valomatane kan gi deg oversikt over eit stort informasjonslandskap på ein tidseffektiv måte. Steen-Johnsen kallar det ein snarveg, men stiller spørsmål ved om valomatane kan virke mot hensikta si.
– Dei kan avgrense tenkinga noko. Er dette snarvegar som er så mykje snarveg at ein slepp å tenke sjølv og berre får ut eit svar i andre enden, spør ho.
Håvard Grønli er mest kjend som anker i Politisk kvarter på NRK, men sidan før nyttår har han også jobba med NRKs valomat, som han har vore innhaldsansvarleg for sidan valet i 2017.
– Eg trur det er rett at det er ein snarveg, og at det er ei forenkling. Det ligg ein fare i det viss folk tenker at ein valomat er ein fasit. Men viss folk brukar det og framleis har med ein kritisk sans inn, så trur eg det er kjempenyttig, seier han til Nynorsk pressekontor.
Kan auke valdeltakinga
Grønli var ikkje overraska over kor mange i undersøkinga som svarte at valomaten var viktig for dei. I 2023 blei NRKs valomat tatt 2,4 millionar gongar.
Førstegongsveljarane er blant dei med høgast valdeltaking, men så stuper det brått ved andre og tredje val. NRK har som mål å treffe veljarane mellom 20 og 30 år med valomaten sin, fortel Grønli.
– Vi har hatt yngre folk i redaksjonen og vi testar på unge. Det grafiske og visuelle, men også språklege formuleringar, om det er lett å ta stilling til, eller om det er vanskelege ord.
Sjølv om dei unge stemmer mindre enn dei eldre er det også store variasjonar innanfor aldersgruppene. Avgangselevane på allmenn studieretning har større valdeltaking enn snittet av befolkninga, men dei jamaldrande som er i jobb eller utanfor utdanning ligg langt under.
Steen-Johnsen trur valomatane kan vere med på å få fleire veljarar opp frå sofaen.
– Det kan hende det set i gang noko, at det har ein sosial dimensjon som gjer at folk diskuterer politikk meir enn elles, seier ho.
Kunstig intelligens kan overta
Steen-Johnsen meiner framgangen til kunstig intelligens (KI) gjer det ekstra viktig med transparens og diskusjon rundt valomatane. Håvard Grønli ser ikkje bort frå at KI kan bli betre i framtida, men slår fast at det ikkje er brukande som valomat i dag.
– Viss eg lastar opp ulike partiprogram og spør kva partia meiner om ulike ting er det opptil 90 prosent presist, men du veit ikkje kor feilen er. Då må du gjere den manuelle jobben likevel.
I årets NRK-valomat er det 300 spørsmål. Med 18 registrerte parti har det vore 5400 standpunkt å ta stilling til for Grønli. I den prosessen har han hatt dialog med kvart enkelt parti.
– I nokre tilfelle meiner dei at det ikkje er heilt presist, så då diskuterer vi det. Av og til innser NRK at partia har rett om sin eigen politikk, og av og til står vi på vårt. Men som regel blir vi einige, seier han.