nyhende

Ungdomsrådet på møte om buss

Jon Bernhard Tollaksen Mølstre i ungdomsrådet og ordførar Linn Therese Erve (Ap) var nyleg i Bergen. Der møtte dei fylkeskommunen og Skyss for å snakka om korleis dei kan få betre busstilbod.

Publisert Sist oppdatert

Ungdom og kollektivreisande i Sveio har ikkje så mange bussavgangar å velja mellom som dei skulle ynskje.

Slik det er no er det vanskeleg for ungdom å delta på fritidsaktivitetar i Haugesund på kvelden, og kunna ta buss heim att.

Det vil medlem av ungdomsrådet Jon Bernhard Tollaksen Mølstre gjera noko med.
Saman med ordførar Linn Therese Erve (Ap) drog han nyleg nordover til Bergen.

Møtte fylkesvaraordførar og Skyss-direktør

— Me fekk eit møte med fylkesvaraordførar Natalia Golis og Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø, seier Erve.

Dei fortel om eit godt møte, men utan konkrete lovnadar. Likevel har dei ein optimistisk tone.

— Me fekk god tilbakemelding på korleis me kan jobba vidare med denne saka, seier Mølstre og Erve.

Konkret søknad

Både fylkesvaraordførar og Skyss-direktør anbefalte dei å koma med ein konkret søknad.
Det vil seia ein søknad kor det er kartlagt kor og når behovet i kommunen er, altså spesifikke ruter og tider.

Samstundes fekk dei to sveibuane understreka kor viktig noverande skuleordning er for vidaregåande elevane i Sveio.

Ein tidlegare avtale mellom Rogaland og Vestland gjer at sveibuar kan gå på skule i Haugesund, på tross av fylkesgrensa.

MERKNAD:
I ein tidlegare versjon av artikkelen er det sett (Liberalistane) bak namnet til Jon Bernhard Tollaksen Mølstre. Dette er fjerna for å gjera tydeleg at han var på møtet som leiar for ungdomsrådet, og ikkje i tilknytting Liberalistane.
Mølstre stiller til val som førstekandidat for partiet Liberalistane til hausten sitt val.

I ein tidlegare versjon sto Mølstre oppført som leiar av ungdomsrådet. Det er no retta til medlem.

Powered by Labrador CMS