nyhende

Gjennomsnittsalderen til norske bønder går ned. Frå 53 år i 2022, til 52 i 2023 og vidare ned til 51 år i 2024. Samtidig får Noreg stadig fleire bønder under 40 år. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Gjennomsnittsalderen til norske bønder går ned. Frå 53 år i 2022, til 52 i 2023 og vidare ned til 51 år i 2024. Samtidig får Noreg stadig fleire bønder under 40 år.

Ungdomsbølgje i landbruket – stadig fleire yngre bønder

Andelen bønder under 40 år her i landet er den høgaste på to tiår. Ei ungdomsbølgje har snudd mange års nedgang i rekrutteringa til landbruket.

Publisert Sist oppdatert

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at andelen bønder under 40 år har auka frå under 18 prosent i 2022 til 22 prosent i 2024. I praksis betyr det at meir enn kvar femte bonde er under 40 år og så mange har det ikkje vore sidan 2004, skriv Nationen.

Samtidig har gjennomsnittsalderen til norske bønder gått ned. Frå 53 år i 2022, til 52 i 2023 og vidare ned til 51 år i 2024.

Auken skjer over heile landet. Flest er det i Innlandet, Trøndelag og Vestland, som alle har fått meir enn 200 fleire bønder under 40 dei siste to åra.

Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i AgriAnalyse, trur utviklinga kan halde fram, men peikar på at det krev politisk vilje.

– Vi har sett eit skifte frå ein globaliseringsideologi til det nasjonale og lokale, med større verdsetjing av tradisjonelle verdiar. Jordbruket har vore inne i ein tøff periode, men den politiske responsen har vore større og økonomien i jordbruket har vorte betre, seier Smedshaug.

Han peikar på at gjennomsnittsinntekta per årsverk i jordbruket har auka med 61 prosent frå 2021 til 2025, og at etterspurnaden etter husdyrprodukt er sterk.

– Ein periode var det ein idé om at kosthaldet i stor grad skulle leggjast om frå animalsk til vegetabilsk føde, men den ideen er no relativt død, seier han.

Powered by Labrador CMS