nyhende
– Ungdomane kallar meg Sveiolosen
Ungdomslos Kristine Kaldheim Mundal er snart halvvegs i den treårige prosjektstillinga. Ho ser eit klart behov og oppmodar politikarane om å halda fram med tilbodet, med eller utan ho.
Ho elskar jobben sin og har faktisk eit godt bevis å koma med.
– Eigentleg hadde eg allereie fått ein annan fast jobb, men då eg fekk tilbodet om stillinga så var eg ikkje i tvil, seier Kristine Kaldheim Mundal.
Brydd seg sidan barndomen
For ungdomane på Sveio skule er ho ungdomslosen, eit lågterskel-tilbod som skal forhindra utanforskap i samfunnet. Det betyr at hennar kvardag er veldig variert, men fellesnemnaren er at ho skal vera der for ungdomane.
– Nokon har mista eit familiemedlem og synest det er vanskeleg å vera på skulen, andre har kjærleikssorg. Det kjem meir komplekse situasjonar med alvor knytta til psykisk helse og ungdomskrim, seier Mundal.
Sidan det er ikkje mogeleg å summera kva ho gjer ,viser ho heller til målet hennar.
– Min jobb er at ungdomane skal ta best mogelege val for seg sjølv, seier ho.
23-åringen vaks opp på Tveit og kom tilbake til Sveio etter ho utdanna seg til barnevernpedagog i Stavanger. Ho fortel at ho alltid har vore oppteken av omsorg, men noko som forma ho var bufellesskapet nært barndomsheimen.
– Eg fekk nokon gongar vera med å både sjå og hjelpa dei til å oppleva meistring. Det var fint å kunna få vera med på, og eg trur det er viktig for ungdomar at dei har meistring i livet, seier ho.
Sett, høyrd og forstått
Det eine påverkar ofte det andre, og viss ein gjer det dårleg på skulen tek ein lettare dårlege val utanfor. Det handlar om korleis ein ser på seg sjølv og framtida.
– Eg er ein trygg vaksen for dei. Mine tre hovudreglar for ungdomane er sett, høyrd og forstått. Nokon treng berre å verta høyrd, å få snakka om kva som er vanskeleg og setja ord på kva dei går gjennom, seier Mundal.
– Korleis var du sjølv som ungdom?
– Eg var litt pliktoppfyllande, men eg treivst godt og hadde mange gode venar. Eg brydde meg mykje om dei som stod litt utanfor, og gjekk aktivt inn i MOT som trivselsleiar, svarar ho.
Oppstarten var i august i 2022 og varar i første omgang til sommaren 2025. Mundal fortel at å knytta band og byggja tillit hjå ungdomen har teke tid, og at ho no er komen godt i gang. Breidda innan arbeidet gjer at ho nokre dagar snakkar med ungdomar som har det tøft.
– Korleis er det for deg å høyra om?
– Det kan vera tøft til tider, men me har eit bra støtteapparat i kommunen, så ein tek ikkje alt med seg heim. Og noko av oppgåva mi kan vera å hjelpa ungdomane med å skaffa rett hjelp, så då kan eg setja dei i kontakt med rette tenester, seier Mundal.
Vanskelegare å vera ungdom no
Måten ungdomar vert påverka av sosiale medium er ikkje til å koma utanom.
– I 2023 er det vanskeleg å veksa opp, grunna sosiale medium, seier ho.
– Korleis då?
– Mykje press på utsjånad. Det er lett å slenga stygge kommentarar sidan det ikkje er andlet til andlet. Det kan vera vanskeleg å «hengja med» og ikkje minst veldig oppslukande. Mange føler at dei vert utanfor om dei ikkje er med, seier Mundal og fortset:
– Og så er det mobbinga og utestenginga på nett. Det skapar ein konflikt kor ungdomane kjenner eit press for å «vera med» heile tida, samstundes som det skjer andre ting i livet dei må ta seg av, seier ho.
Akkurat som før er det sosialt press på kva klede, sminke og kropp ein har. Skilnaden er at sosiale medium skrur påverknaden på ungdomar kraftig opp. Hennar personlege meining er at det burde ha vore aldersgrense.
Aldersgrense på 16 år?
– Det er ei enormt stor verd, og dei vert fanga i «galskapen» som eg kallar det. Og det er veldig vanskeleg å regulera bruken. Det kjenner eg på sjølv.
– Kva burde aldersgrensa vera?
– Kanskje 16, då har ein kanskje kome seg gjennom mykje av det hormonelle og utvikla hjernen litt meir i forhold til mogelege val ein kan ta på sosiale medium, seier ho.
Mundal fortel at det allereie er aldersgrense på sosiale medium, men at det ikkje vert overhalde. Det er jo enkelt for både barn og ungdom å unngå. Og sjølv om noko av det skumle med sosiale medium er at alt skjer skjult, så ser ho med eigne auge at det kan spela over i den verkelege verda.
– Eg møter ofte ungdomar som opplev stygge kommentarar på sosiale medium. Og det kan påverka kvardagen deira i stor grad, seier ho.
Førebyggande sparar samfunnet
Mundal håpar stillinga hennar vert vidareført, med eller utan ho sjølv i rolla. Viss stillinga hennar er vellukka, så vil det eventuelt kunna målast på utanforskap dei neste åra. Ei utrekning gjort av Arbeids- og sosialdepartementet hevdar at ein ungdom som fell utanfor samfunnet kostar 15,9 millionar kroner. Utrekninga er gjort i 2021 og legg til grunn at ungdomen ikkje er i arbeid frå 19 til 62 år.
– Eg håpar me kan bevara stillinga fordi førebyggande arbeid er kjempeviktig, seier ho.
– Har du eit inntrykk av effekt?
– Det eg veit er at eg hadde kontakt med 77 av om lag 250 elever på skulen, i mindre og større grad. Pågangen viser det er eit behov, svarar Mundal.
Måten ho kommuniserer med elevane er også variert. Dei møtest i grupper, på tomannshand eller så når ho ut til dei der dei er digitalt, på sosiale medium. På Snapchat kan elevane legga ho til og senda meldingar om det er noko. Der avtaler ho møter med dei eller informerer om hendingar som «House of Fun», ferieaktiviteter og Ung Sveio. Sistnemnde er eit fritidstilbod kor ungdomar lagar middag og er saman med kvarandre. For tida er det juleaktiviteter på Vigdartun som er på agendaen.
– Eg anbefaler foreldre å legga til «Sveiolosen», då kan dei følgja litt meir med, seier ho.
På rett stad
Arbeidsdagane hennar er aldri heilt like, og på tross av at yrket ikkje har noko fasit, så kjenner ho seg på rett stad.
– Det er ikkje så lenge sidan eg sjølv var her som elev. Eg kan relatera og hugsa tilbake kor mykje ein liten ting faktisk kan vera veldig stor for ungdomar. Då kan eg vera ein støtte for dei, slik at lærarane i større grad får fokusera på å vera lærarar, for det er dei ikkje berre i dag, seier Mundal.
Stillinga hennar er eigentleg for barn mellom 11 til 16 år, men i praksis gjeld det berre ungdomskuleelevane.
– Eg møter sjuandeklasse vinteren før dei byrjar i åttande. Formålet er å skapa gode relasjonar og tryggleik hos elevane, slik at dei skal få ein best mogeleg start på ungdomsskulen, seier Mundal.
I tenkeboksen
Ungdomslosen understrekar at sjølv om ho snakkar mest om utfordringar, så er det feil å tru at ungdomen i Sveio ikkje er eller har det bra.
– Dei er ein viktig ressurs som me må ta godt vare på. Dei bryr seg om kvarandre, familien og kommunen sin. Dei verdset tilboda me har for dei, og er både hjelpsame og sprudlande gledesspreiarar, seier Mundal og legg til:
– Det er dei som gjer at eg trivst så godt i stillinga mi, seier ho.
No som ho er godt i gang har ho byrja å tenkja på korleis ho skal visa verdien av stillinga til politikarane. Ho veit det er ingen som er imot førebyggande arbeid, men midlar skal alltid rettferdiggjerast. Så inntil vidare er ho i tenkeboksen.
– Viss du får tilbod om å fortsetja, kva seier du då?
– Ja. Då seier eg ja med ein gong, svarar ho kontant.