nyhende

Skjermtid i sosiale medium er ikkje nødvendigvis problematisk, meiner forskarar. Medan å vere sosial og knytt til grupper kan vere teikn på sunn digital praksis, gir ikkje passiv skrolling nødvendigvis same effekt. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Skjermtid i sosiale medium er ikkje nødvendigvis problematisk, meiner forskarar. Medan å vere sosial og knytt til grupper kan vere teikn på sunn digital praksis, gir ikkje passiv skrolling nødvendigvis same effekt.

Ungdom med god psykisk helse bruker sosiale medium annleis

Unge med høg grad av psykisk velvære bruker ikkje nødvendigvis mindre tid i sosiale medium enn andre, men mykje tyder på at dei har ein sunnare digital praksis.

Publisert Sist oppdatert

Både vaksne og unge har dei siste åra uttrykt uro for kor mykje tid unge bruker i sosiale medium og korleis det og innhaldet der påverkar dei. Førre veke kom dei nye skjermråda for barn og unge, der hovudrådet for ungdom 13–18 år er at dei bør avgrense skjermbruk til maksimalt 1,5–3 timar dagleg på fritida, gjerne mindre. Men kanskje er ikkje tidsbruken hovudutfordringa.

Ein ny studie publisert i Youth & Society om nettvanane til unge har sett på svar frå 3568 unge i alderen 15 til 19 år i 2020 and 2021.

– Ungdom med god psykisk helse rapporterte oftare om ein tendens til å vere meir aktive i gruppesamtalar og ha høgare sosial orientering i sosiale medium enn dei med dårlegare psykisk helse, seier forskarane Turi Reiten Finserås og Jens Christoffer Skogen Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.

Passiv skrolling

Skogen opplyser til NTB at ungdommane i undersøkinga alle er elevar ved vidaregåande skular i Bergen kommune.

Resultata tyder på at det ikkje nødvendigvis er tidsbruk i sosiale medium som kan vere negativt, men kva slags aktivitetar ein deltek i.

Medan å vere sosial og knytt til grupper kan vere teikn på sunn digital praksis, gir ikkje passiv skrolling nødvendigvis same effekt.

Når forskarane bruker omgrepet «sosial orientering», handlar det om å halde seg oppdatert på kva som skjer blant venner, i grupper ein er del av. Det handlar også om å halde seg orientert om aktuelle og kulturelle hendingar.

– Dette står i motsetning til meir passiv aktivitet som skrolling, som ofte blir trekt fram som ein mogleg risikofaktor for psykiske plager, seier forskarane.

Forståinga av skjermtid

Forskarane meiner funna deira, saman med anna forsking som peikar i same retning, kan påverke korleis vi forstår skjermbruk og skjermtid.

– Samla sett tyder det på at framtidige tiltak bør leggje vekt på å fremje positive, sosiale interaksjonar på nett, seier dei.

rapporten Ung2026 frå Opinion i oktober i fjor uttrykte unge i alderen 15–25 år djup bekymring for korleis algoritmar i sosiale medium formar røyndommen deira. To av tre norske unge sa då at dei meiner sosiale medium bidreg til politisk polarisering. I same undersøking er mental helse, andres og eigen, saka som vekkjer størst engasjement hos unge.

Sju av ti seier dei ønskjer å bruke mindre tid på skjerm. Ei årsak er at ein konstant straum av nyheiter, kriser og innhald slit på dei mentalt.

Powered by Labrador CMS