nyhende

Gustav har sitt eige lam av rasen blæset. Her saman med pappa Lars Magne. Foto: Irene Mæland Haraldsen/Grannar
Gustav har sitt eige lam av rasen blæset. Her saman med pappa Lars Magne.

Ung medhjelpar i sauefjøset

Lemminga er i full gang og for fire år gamle Gustav i Vikedal betyr det full fres frå morgon til kveld.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

— Kom og sjå, seier Gustav Blikra (4) og viser veg til sauefjøset.

Den unge bonden er ivrig etter å få visa fram sitt nye lam som kom til verda for få dagar sidan og med litt hjelp av pappa Lars Magne (44) hentar han ut sin nye besteven frå sauebingen.

— Det er mitt lam, seier han og gir den vesle pelsdotten ein skikkeleg koseklem.

4-åringen storkosar seg i sauefjøset og synest det er heilt topp å få hjelpa til når dyra skal ha mat og stell. Han veit nøyaktig kva arbeidsoppgåver som skal gjerast og finn raskt fram den vesle trillebåra og fôrbøtta for å hjelpa pappa med dagens fjøsstell.

— Kom, me må jobba, seier han og passar på at faren ikkje ligg på latsida.

Lemming

Ekstra stas er det å få vera med i fjøset under lemminga. Då kjem det nye lam til kvar einaste dag, og både Gustav og søstera Olava (12) har sine eigne sauer som ventar lam i desse dagar. Gustav har sauer av rasen blæset, medan Olava har farga spelsau.

— Dei har kvar sine rasar. Elles har me norsk kvit sau, seier Lars Magne.

Lemminga på garden starta tidleg i april og vil halda på i minst ein månad totalt. Det betyr travle tider med tilsyn både natt og dag.

— Det går i eitt døgnet rundt. I år har me fått installert kamera. Det er til god hjelp, men me må vera til stades mesteparten av tida, seier han.

Med god hjelp av foreldra Åse Jorunn og Peder Blikra går arbeidet unna utan større komplikasjonar, men det hender at ein og annan sau treng litt ekstra hjelp når slekta skal førast vidare.

— Eg ventar 326 lam og er rundt halvvegs nå. I år har det vore mykje feilstilling og då må me inn og finna fram til beina. Men det har gått bra i år og eg har hatt dyrlege berre ein gong, seier Lars Magne.

Mesteparten av sauene ventar to til tre lam. Så langt har åtte sauer fått firlingar, medan somme ber fram berre eitt lam.

— Det er mest to og tre lam, men det har vore litt mange enkle lam i år, seier han.

Familiegard

Garden i Fjellgardsvegen er opphavleg ein bureisingsgard frå etterkrigstida. Då starta Lars Magne sine besteforeldre med gardsdrift med litt kyr på båsen. For 10 år sidan overtok 44-åringen heimegarden etter sine foreldre Åse Jorunn og Peder, og i dag driv han med sau og slaktegris på fulltid. Grishuset bygde han alt i 2009, på andre sida av dalen, og i dag driv han begge gardsbruka med slaktegris og sauer på kvart sitt bruk.

— Garden på andre sida av dalen blei slått saman med garden her heime på 1980-talet. Her rundt huset har eg rundt 30 mål dyrka mark og 50 mål beite, og 165 vinterfôra sauer. På andre sida har eg 115 mål og grisehus. Eg kjøper griser på rundt 30 kilo og slaktar dei når dei er rundt 120 kilo. Eg har 2.100 slaktegris i året, seier Lars Magne.

Beite og spreieareal

Sauer og lam som har adresse på garden i Vikedal får kvart år ta seg ein tur til fjells. Så snart fjellbeitet byr på rikeleg med friskt gras ber det av garde til Røldal. Og med foreldre som har hytte i området, får han god hjelp med ettersyn i sommarmånadane.

— Me dreg til fjells rundt første juli, men i år blir det nok tidlegare, seier sauebonden.

Sjølv om det samla arealet av dei to gardane utgjer rundt 200 mål må han ty til leigeareal for å få nok jord til å spreie skiten på. Nye gjødslingsreglar med mellom anna kortare spreietid gjer det ekstra utfordrande å bli kvitt all griseskiten.

— Det er ikkje nok areal til skiten. I dag har eg spreieavtale her i dalen, men får eg ikkje tak i nok areal må eg bli med på biogassanlegget, seier bonden frå Vikedal.

Powered by Labrador CMS