nyhende

Politiet fikk melding om to ulike hendelser i Sveio søndag. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Politiet fekk to ulike meldingar i Sveio i helga.

Undersøkte melding om røyk og vingling

To meldingar sende politiet ut på oppdrag i Sveio i helga – først til E39 på Haukås, deretter til ei adresse i Valevåg.

Publisert

Fredag 17. april fekk politiet melding om ein bil som vagla langs E39. Ifølgje meldinga skal bilen både ha køyrt ujamnt og variert farten opp og ned.

Politiet fekk stansa bilen ved Haukås på E39. Der vurderte patruljen at føraren, ein mann seint i 70-åra, ikkje var skikka til å ha førarkort. Førarkortet vart derfor mellombels inndrege.

Røyk frå Valevåg

Laurdag 18. april fekk politiet òg melding om røyk frå ei adresse i Valevåg. Tipset kom frå ein nabo som rundt klokka 12.40 observerte røykutviklinga.

Brannvesenet rykte ut til staden, der det vart konstatert at røyken kom frå uforsvarleg søppelbrenning. Brannen var likevel ikkje så stor at det vart vurdert som fare for spreiing. 

Vedkomande vart bedt om å sløkka brannen, men det vart ikkje oppretta sak på forholdet, melder vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Dan Magne Gaard.

Powered by Labrador CMS