nyhende

Mikroplast finst i dag over alt, i hava, i drikkevatn og i lufta me pustar inn. Me finn også mikroplast i kroppen til menneske og dyr. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Mikroplast finst i dag over alt, i hava, i drikkevatn og i lufta me pustar inn. Me finn også mikroplast i kroppen til menneske og dyr.

Undersøking: To av tre bekymra for kva mikroplast gjer med helsa

Fleirtalet av nordmenn, menn og kvinner, unge som eldre, finn det urovekkjande at mikroplast hamnar i mat, drikkevatn og lufta dei pustar inn.

Publisert Sist oppdatert

Konfrontert med forsking og vitskaplege funn av mikroplast i menneskes kroppar og i naturen uttrykkjer dei fleste bekymring for forureininga.

Åtte av ti, særleg kvinner og dei over 50 år, oppgir at dei er bekymra for mikroplast i naturen. Menn og personar under 30 er ikkje like bekymra for naturen. Men når det gjeld bekymringa for eiga helse, er to av tre bekymra for kva skade mikroplast kan gjere – eller gjer på oss. Den bekymringa er uavhengig av kjønn, alder og utdanning.

Undersøkinga er gjennomført i juni av Opinion på oppdrag frå Verdsnaturfondet (WWF) i eit landsrepresentativt utval på 1046 personar.

Rapport om funna

WWF og University of Birmingham sleppte måndag rapporten «Plastic, Health and One Planet». Den samanfattar meir enn 190 vitskaplege studiar som knyter mikro- og nanoplast (MnP) og kjemiske tilsetningar i plast til vesentlege helseplager.

– Mikroplast og dei giftige kjemikaliane frå plast er ikkje berre eit miljøproblem, men også ei veksande global helsekrise, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF i ein e-post til NTB.

MnP er påvist i vitale organ som lunger, morkake, tarm og hjerne. Plastpartiklane kan akkumulerast i blodårer, auke betennelsestilstandar og potensielt bidra til hjartesjukdommar som slag og hjarteinfarkt.

Kjemikaliar i plast blir knytte til ei rekkje tilstandar, som hormonforstyrringar og kreft, nedsett fruktbarheit, luftvegssjukdommar som astma, metabolske sjukdommar (fedme, diabetes), og nevrologiske lidingar som ADHD og autisme.

Kva skal me gjere?

I spørjeundersøkinga frå Opinion støtta heile 83 prosent av dei spurde at politikarar må gjere meir for å verne menneske og dyr mot mikroplastforureining.

– Dette er ikkje noko enkeltpersonar kan løyse. Det er eit problem som krev sterke politiske verkemiddel og internasjonalt samarbeid, seier Andaur i WWF.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) lovar at regjeringa skal ta sin del av ansvaret og jobbe for å redusere utslepp av mikroplast både nasjonalt og internasjonalt.

Plastforhandlingar neste veke

– Plast er eit av dei raskast veksande miljøproblema i verda. Det overraskar meg derfor ikkje at mange er bekymra for mikroplast, skriv han i ein e-post til NTB.

Neste veke startar internasjonale plastforhandlingar i Genève, der målet er å bli samde om ein internasjonalt bindande avtale om å stanse plastforureininga. Bjelland Eriksen er med på dei avsluttande forhandlingane og leier den norske delegasjonen frå 11.–14. august.

– Dei neste vekene kjem til å bli avgjerande for om verda klarer å ferdigforhandle ein internasjonal plastavtale. Denne avtalen er noko me jobbar sterkt med å få på plass, seier han.

Powered by Labrador CMS