nyhende

Styreleiar Petter Steen jr. er nøgd med kortare ventetider og auka dagbehandling.
Styreleiar Petter Steen jr. er nøgd med kortare ventetider og auka dagbehandling.

Underskot på 184,1 millionar

Helse Fonna kom ut med eit underskot på 184,1 millionar kroner i 2023. Samstundes gjekk ventetida ned. Fleire fekk behandling på dagtid og det samla talet på døgnopphald gjekk ned.

Publisert Sist oppdatert

– Føretaket har som oppgåve å yta helsetenester innanfor budsjettramma. Det er særskilt kostnader til medikament og kostnader til lønn og personal som syner stort avvik mot budsjettet, heiter det i årsmeldinga.

Kortare ventetid

Styreleiar Petter Steen jr. er svært nøgd med at Helse Fonna har lukkast med å reduserea ventetidene og auka talet på pasientar som kan få hjelp gjennom poliklinisk behandling.

– Dette er noko det har vore arbeidd målmedvite med. Det er negativt at det også i 2023 var eit underskot i drifta, men tal frå første kvartal 2024 syner at vi no er på rett veg. Tiltaka som er sette i verk, byrjar å få effekt. Me må framleis jobba mot eit nullresultat i 2024, seier Steen jr. Ifølge ei pressemelding som Helse Fonna har sendt ut etter styremøtet tysdag.

Færre døgnopphald

Helse Fonna hadde 25.135 døgnopphald i 2023. 79 prosent av desse var knytte til øyeblikkeleg hjelp. 23.505 døgnopphald var innan somatikk, 1.650 innan psykisk helsevern og rus. Det blei gjennomført 8.830 dagbehandlingar i 2023. Talet på polikliniske konsultasjonar var 232.587.

Den gjennomsnittlege ventetida var i 2023 65 dagar. Det blei registrert 3.573 fristbrot for behandla pasientar.

Helse Fonna skårar høgt på nasjonale kvalitetsindikatorar, går det fram av årsmeldinga. Behandling av ulike kreftformer blir her trekt fram som eksempel, både når det gjeld rask start på behandling og overleving.

Powered by Labrador CMS