nyhende
Ulykke på Tittelsnesvegen: — Store materielle skadar
Ingen personar kome til skade, men det oppstod store materielle skadar då to bilar hamna av vegen på Tittelsnesvegen sør i Sveio onsdag morgon.
— Dei involverte opplyste at dei ikkje var skadde, skriv Sør-Vest politidistrikt i ei melding på Twitter like før klokka 06.30 onsdag.
Glatt føre
Det skal ha vore særs glatt på staden.
Ifølgje operasjonsleiar Britt Jorunn Løvereide ved Haugesund politistasjon var det to personbilar involvert i hendinga.
Ho opplyser til Vestavind like før klokka 10 onsdag at først skal ein sjåfør ha mista kontrollen over bilen og trefte eit steingjerde. Like bak kom bil nummer to, og for å unngå treffe den første bilen svingte han unna, men også denne bilen mista festet på det glatte føret og hamna i grøfta.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 06.18
Ikkje førarkortbeslag
I samband med bilberging var vegen stengt i om lag 25 minuttar, og det oppstod ein del kø i begge retningar, men klokka 8.39 var vegen opna for vanleg trafikk.
— Det er ikkje mistanke om rus, og det er ikkje tatt beslag i førarkort, seier ho.
Det blir likevel oppretta sak mot førarane, i tråd med trafikklova sine krav til at ein skal køyre aktsamt, også i høve til ver og føre.
Begge førarane vår åleine i bilane sine.