nyhende
Ulykke på E39 – lastebil og MC involvert
Alle nødetatar har rykka ut til ei trafikkulykke på E39. Lastebil og motorsykkel er involvert. Vestavind sin fotograf melder klokka 19.42 at luftambulanse har letta og flyr retning Bergen.
SISTE: Tre personar var involverte i ulykka. Ein i lastebil og to på lett motorsykkel. Motorsykkelen og lastebilen har køyrt i samme fartsretning. Motorsykkel skal ha mista kontrollen og velta. Lastebil har svingt unna for å unngå å køyra i dei. Lastebilføraren er uskadd, opplyser politiet.
– De to personane på motorsykkelen er begge tatt med til sjukehus. Den eine i luftambulanse til Haukeland, og den andre med ambulanse til Haugesund. Eg kan ikkje seia noko om skadeomfanget. Vegen har vore stengt i vel ein time, men det er no manuell dirigering slik at trafikken går forbi ulykkestaden i eitt felt, seier innsatsleiar Christine Miljeteig til Vestavind.
Brannvesenet bistår med dirigering, og det vil gå ei stund før vegen blir opna i begge retningar igjen. I 20-tida rekna Miljeteig med at det i alle fall kom til å gå minst ein times tid til med manuell dirigering.
Klokka 20.24 melder politiet på loggen at Vegtrafikksentralen vil senda ulykkesgruppa for å hjelpa politiet med åstadundersøking av trafikkuhellet.
Meldinga om ulykka gjekk ut klokka 18.53, og då blei det opplyst at ulykka var i krysset Vågavegen/ E39.
– Det er meldt om eit trafikkuhell mellom ein lastebil og ein motorsykkel. Skadeomfanget er ukjent, opplyste operasjonsleiar John Ask i Sør-Vest politidistrikt.
E39 blei stengt som følge av ulykka, og det begynte raskt å danna seg lange køar. Luftambulanse skal ha landa.
Sør for Haukåskrysset
Vestavind sin fotograf melder klokka 19.35 at ulykkesstaden ikkje er i sjølve Vågakrysset. Men køen står forbi krysset i retning Tysvær.
Kort tid etter får Vestavind opplyst at ulykkesstaden er om lag ein kilometer sør for Haukåskrysset.
Politiet har sett ein bil i Haukås-krysset for å stoppa trafikken sørover frå krysset. Omkøyring er via Fv. 47 til Haugesund eller langs Ålfjorden.