To tunge køyretøy i ulukke – Tittelsnesvegen stengd sør for Krossleite
Kollisjonen skjedde på Fv. 47 ved Kattabergsfjellet. Ein sjåfør sendt til sjukehus og politiet ber folk halda seg unna området.
Sør-Vest politidistrikt melder om ei trafikkulukke litt sør for Sveio sentrum, mellom Krossleite og Tveit.
Ifølgje politiloggen skal to tyngre kjøretøy ha vore involverte i ei påkøyring bakfrå. Vegen er stengd i begge retningar. Det er sendt ut entreprenørar for dirigering/omkøyring. Brannvesenet har personell i krysset E39/fylkesveg ved Haukås. Dei sender bilar som ikkje skal til Sveio vidare på E39 retning Våg.
Politiet opplyser at det ikkje skal vera snakk om lekkasje frå tankbilen som er involvert.
Det er sett opp ei tryggleikssone på staden, og politiet ber folk halda seg unna ulukkesområdet.
Klokka 13.28 melder politiets innsatsleiar at det er to personar involverte i ulukka. Desse er førarar av køyretøya. Den eine sjåføren er frakta med ambulanse til sjukehus. Ukjent skadeomfang.
Klokka 14.01 Statens vegvesen melder no at berekna slutttid på stenginga av vegen er 20.53. Dette kan endra seg, men er ein klar indikasjon på at vegen kjem til å bli stengt ei god stund framover. Dei som har tenkt å køyra Fv. 47 dei næraste timane, gjer derfor lurt i å legga turen om Våg og E39.