nyhende

PolitiHaukås
Torsdag trer nye bøtesatsar i kraft. Køyrer du 25 km/t for fort i 60-sona på Haukås, vil det kosta 12.700 kroner.

Ulovleg mobilbruk i bil kostar 10.200 frå torsdag

Berre eitt år etter at politiet auka bøtesatsane i vegtrafikklova, blir bøtene auka igjen. Frå 1. februar vil det kosta 10.200 kroner å bruke mobilen ulovleg. Køyrer du 25 km/t for fort i 60-sone, vil det kosta 12.700 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Lovforslaget vart vedteke i statsråd på fredag, og trer i kraft før torsdag 1. februar, skriv Lovdata.

Dei nye bøtesatsane startar på 1.150 kroner og bevegar seg opp til 15.850 kroner, avhengig av kva slags trafikklovbrot som har vorte gjort.

NAF er skeptisk

Til dømes kan ein få eit forenkla førelegg på 8.200 kroner om ein køyrer i strid med trafikkskilta, men viss ein blir teken for ulovleg mobilbruk, er bota på 10.200 kroner.

Då forslaget kom på bordet før jul, meinte NAF at auken kom for tidleg.

– Det var mykje skepsis til den førre auken, og om det ville verke etter hensikta. Vi etterlyser ein grundig gjennomgang om dei auka bøtene faktisk har hatt ein effekt på trafikktryggleiken og om det har vorte færre lovbrot etter auken, sa pressesjef Ingunn Handagard i desember.

Pengar og prikkar

Forskrifta om forenkla førelegg i vegtrafikksaker inneheld ei rekke punkt som dei fleste truleg ikkje tenkjer over til kvardags. Til dømes kostar køyring på raudt lys, brot på vikeplikt, ulovleg forbikøyring og for kort avstand til bilen framfor 10.200 kroner frå torsdag.

Køyrer du med trimma moped eller motorsykkel, er bota 7.800 kroner. Køyring over sperrelinje, på fortau, sykkelfelt, gangveg osv. kostar 6.200 kroner. Og brukar du ikkje blinklyset når du skal, er prisen 3.900 kroner.

I tillegg kjem prikkar på ein heil del av brota, og får du åtte prikkar i løpet av eit år mister du førarkortet i seks månader.

Fekk problem

Då politiet innførte dei nye satsane i fjor, auka satsane med 30 prosent. Den første veka vart det likevel skrive ut bøter etter gamle satsar då IT-systema til politiet ikkje var oppdaterte.

– Vi fekk ikkje kunngjort dei før 1. februar. Derfor har vi ikkje klart å komme i gang med dei nye satsane. IT-systema våre er ikkje oppdaterte, forklarte UP-sjef Knut Smedsrud til Aftenposten den gong.

Powered by Labrador CMS