Norske instruktørar frå Heimevernet og Hæren har trent opp ukrainske soldater i Storbritannia til krigen i Ukraina. No vil ukrainske soldater få opplæring i Noreg.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Ukrainske soldatar skal trenast opp i Noreg
Rundt 100 ukrainske soldatar kjem til Noreg i vår for å trenast opp. Soldatane skal vere i Noreg i fem–seks veker før nye soldatar kjem.
NPK-NTB: Det stadfestar forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) til Dagens Næringsliv.
Tidlegare har det vore eit mindre tal med ukrainske soldatar på norsk jord, men då berre for å få opplæring i det materiellet Noreg har gitt.
– Det nye er at vi tilbyr spesialisttrening for ukrainske soldatar i Noreg, ikkje berre knytt til materiell. No blir det trening på sanitet, skarpskyting og lagførarkurs. Dette er eit stort bidrag som kjem til å vere synleg, seier Gram.
Opplæringa vil skje på Heimevernets anlegg i Trøndelag. Norske instruktørar har frå før vore involvert i basistrening av ukrainske soldatar i Storbritannia og dei skal også bidra i trening i EU-regi.
– Ukraina har behov for nye soldatar og betre trena soldatar fordi dei tek store tap, seier Gram.
Han fryktar ikkje nokon reaksjon frå Russland som følgje av at ukrainske soldatar kjem til Noreg for å trene på kampsituasjonar.
– Russland stiller seg negative til dei fleste initiativ som støttar Ukraina. Det er slik sett ikkje noko utvikling i støtta som tilseier ein spesiell reaksjon. Det er ingen tvil om at vi er på trygg folkerettsleg grunn i vår støtte til Ukraina, seier Gram.