NPK: Ukrainske flyktningar kan i tida framover bruke ukrainske pass og ID-kort som billettar i kollektivtrafikken i Vestland.
Skyss tilbyr flyktningar frå Ukraina å reise gratis på buss, båt, bybane og fylkesvegferjene mot framsyning av ukrainsk pass eller ID-kort, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Tilbodet er ei solidaritetshandling. Formålet er å støtte menneske som flyktar frå krigen i Ukraina, og gjer det lettare for dei å bevege seg rundt når dei kjem til andre landet. Tilbodet gjeld førebels på ubestemt tid.
Kollektivselskapa Ruter, Brakar og Østfold kollektiv i Viken og Oslo gir det same tilbodet.