nyhende
Ukrainske flyktningar utgjer no 1 prosent av befolkninga i Noreg – talet på innkomstar aukar
Meir enn 1 av 100 som bur i Noreg, er no frå Ukraina. Og talet på flyktningar som kjem, aukar.
– Vi har dei siste dagane vore på eit høgare nivå av innkomstar frå Ukraina enn tidlegare med eit gjennomsnitt på over 150 om dagen. Vi har derfor sett i verk ein del ekstra tiltak på grunn av dette, opplyste UDI-direktør Frode Forfang i ei pressemelding torsdag kveld.
Oppdaterte tal frå UDI 31. august viser at det så langt har komme 56.707 ukrainske flyktningar til Noreg, over 20.000 så langt i år.
Det utgjer 1,03 prosent av folketalet i Noreg, som er på 5,51 millionar, ifølgje siste oppdatering frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som kom 23. august.
Auke i det siste
Aldri før har det komme så mange flyktningar til Noreg. Og talet på innkomstar har auka sterkt den siste tida, ifølgje UDI.
Berre i den siste veka vart det registrert 1084 asylsøknader frå ukrainske borgarar, og i tillegg har det komme ein del som endå ikkje er registrerte.
UDI vurderer no å auke kapasiteten på asylmottaka for å få plass til alle nykomne.
– Dersom innkomstane held fram i same tempo, er det også aktuelt å utløyse beredskapsplassar, opplyser UDI.
Årsaka usikker
Årsaka til at talet på innkomstar har auka den siste tida, er ikkje kjent.
På Nasjonalt mottakssenter på Råde er belegget også høgt. Natt til tysdag var det 817 som overnatta på mottaket, medan kapasiteten er på 850. I tillegg er det forholdsvis fullt på dei ekstra venteinnkvarteringane der mange oppheld seg før dei blir registrerte.
– Så vil tida vise om dette er ein forbigåande tendens eller om det vil halde seg stabilt på eit så høgt nivå, opplyser UDI-direktør Frode Forfang.
Har allereie auka løyvingane
Regjeringa er torsdag og fredag samla for å spikre statsbudsjettet for 2024.
Allereie i revidert nasjonalbudsjett for i år, som kom i mai, måtte løyvingane for å ta imot flyktningar aukast på grunn av tilstrøyminga frå Ukraina.
Det vart då sett av 3 milliardar kroner ekstra til integreringstiltak og 2,8 milliardar koner ekstra til mottaksapparatet.
– Krigen i Ukraina og konsekvensane av han kostar mykje, også her heime. Men når det kjem tusenvis av flyktningar til Noreg frå eit Ukraina i krig, så er det klart vi skal stille opp, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då.
Anslaga som ligg til grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2023, er at det vil komme 43.000 ukrainske flyktningar i løpet av året.
Dermed er det enno ei stund til det anslaget er nådd.
Vedum: Utruleg mange kostnader
NTB spurde tidlegare i veka finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) om korleis den store mengda av flyktningar frå Ukraina påverkar budsjettarbeidet for neste år.
– Krigen har utruleg mange kostnader. Først og fremst menneskelege kostnader for dei som blir ramma av krigen, og også for Noreg, sa Vedum.
Regjeringa har allereie varsla at dei har sett av 40 milliardar kroner til kostnader knytt til Ukraina-krigen for neste år.
Løyvingane til flyktningar er inkluderte i dette talet, som også omfattar våpenstøtte.
Kom uventa
Vedum påpeikar at flyktningstraumen bidrog til større omveltingar på fjorårsbudsjettet, enn på årets og neste års budsjett.
Ukraina-krigen, som starta i februar 2022, var naturleg nok ikkje noko ein hadde føresett i budsjettarbeidet for 2022.
– Budsjettet i fjor var spesielt, fordi då fekk vi krigen rett inn i budsjettet på ein heilt annan måte. No har vi kunna planleggje for det gjennom heile året. Det har vore nesten like store beløp i år som i fjor, men planlegginga har vore lettare, seier han.
Ukrainarar som kjem til Noreg, har krav på kollektivt vern, noko som betyr at alle får ja på asylsøknadene sine. Dei får i første omgang opphaldsløyve i inntil eitt år.
I befolkninga i SSB statistikk blir rekna asylsøkjarar med opphaldsløyve som busett i Noreg.