nyhende

Ukrainske flyktningar i Sveio ønskjer integrering i lokalsamfunnet: – Elskar norske juletradisjonar

Hos det ukrainske sambuarparet Vasyl Babskyi og Oksana Shutilova i Førde var juletreet pynta allereie før 1. desember. Oksana fortel at ho elskar norske juletradisjonar, medan ho øver seg på å laga – og lika – norsk julemat.

Publisert Sist oppdatert

– I fjor prøvde eg å servera pinnekjøt. Eg likte det ikkje særleg godt. Aller minst likte eg
lukta som fylte huset i løpet av dei timane det tok å koka kjøtet. Men eg fekk også pinnekjøt som smakte godt hos andre. Så det er kanskje eg som treng meir øving, ler Oksana.

I år blir det svineribbe på julebordet hos Vasyl, Oksana og den fire år gamle dottera hennar.

Mellom juletradisjonane Oksana og Vasyl likar godt her i landet, er advent-tida der forventningane blir  bygde opp hos barna, mellom anna ved hjelp av adventkalenderar. Dei likar også godt at både barn og vaksne får og gir gåver til kvarandre. I Ukraina er det berre barna som får gåver.

Flykta frå krigen

Vestavind har møtt tre ukrainske kvinner i Sveio for å snakka meir om juletradisjonar. Oksana og dottera hennar kom hit i april 2022, eit par månader etter at Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Oksana sin sambuar var her allereie. Han har hatt arbeid på eit gardsbruk i Sveio sidan 2021, og har før det også budd og arbeidd ein periode i Skjold.

Iryna Kolbasova kom åleine til Norge og Sveio, også ho i 2022. Nataliia Boitsova kom med mann og to barn i juni i år. Dei tre kjem frå ulike delar av Ukraina og kjende ikkje kvarandre før dei kom hit til landet. Nå bur dei alle i Førde og har ein god del å gjera med kvarandre om dagane.

Oksana, som kom først, er ferdig med vaksenopplæringa i kommunen. Nå går ho på vidare norskkurs på Stord for å læra språket endå betre.

Ulike datoar

Sjølv om dei kjem frå ulike landsdelar, er juletradisjonane dei har med seg mykje godt dei same. Ein av dei store skilnadane på norsk og ukrainsk julefeiring, er datoen, fortel dei.

Både Oksana, Iryna, og Nataliia er vane med å feira jul etter den julianske kalenderen, der julaftan fell på 6. januar i staden for 24. desember. Etter at dei kom til Norge i fjor, feira både Oksana og Iryna begge datoane, 6. januar då med ukrainske vener. Slik blir det i år også for Iryna. Oksana er meir i tvil. Alle tre er tydelege på at dei vil feira 24. desember. Dei er opptekne av å bli mest mogleg integrerte i den nye kulturen dei er blitt ein del av.

– Heime i Ukraina er det også fleire som har begynt å feira jul 24. desember, fortel
venninnene.

Oksana kjenner til at dette også var vanleg før i tida, for oldeforeldre-generasjonen hennar og tidlegare.

Frå 2023 har styresmaktene i Ukraina bestemt at jula skal feirast 24. og 25. desember. Oksana, Iryna, og Nataliia meiner motivet for dette vedtaket er politisk og har samanheng med Ukraina si orientering mot EU og Vest-Europa. Dei støttar denne tankegangen og meiner det er viktig for det ukrainske folket. Flyttinga av den offisielle julefeiringa er også ei markering overfor den russisk-ortodokse kyrkja, som med patriark Kirill i spissen har stilt seg på Vladimir Putin og Russland si side i krigen mot Ukraina.

Mattradisjonar

Iryna har hatt for vane å gå til messe i kyrkja før det tradisjonelle julemåltidet «sviata vecheria» eller «heilag kveld». I Oksana sin familie har det ikkje vore vanleg med kyrkjegang.

– Det heiter seg at «sviata vecheria» skal serverast om kvelden julaftan på den tida dei første stjernene viser seg på himmelen. Bordet skal då vera dekka med kvit duk, og måltidet skal etter tradisjonen bestå av tolv rettar. Desse rettane skal vera til minne om Jesus sine tolv apostlar, forklarar Oksana.

Rettane kan variera frå familie til familie. Det kan vera med eller utan kjøt, men «kutia» er eit fast element på alle ukrainske julebord, fortel ho vidare.

Kutia er ein dessert, ein graut laga av kveite, valnøtter, honning, rosiner og valmuefrø.

Elles er det vanleg, også i Ukraina, å laga søte kaker som for eksempel pepparkaker til jul. Ein skikk som framleis blir halden i hevd, blir kalla «kolyadky» og minner om den norske julebukk-tradisjonen. Då går barna frå hus til hus og framfører songar for å spreia juleglede.  Dette skjer om morgonen 1. juledag, altså 7. januar slik det har vore til nå. Som takk for songen ventar borna å få kaker eller andre godsaker.

Julepynt og julespel

I Ukraina er det vanleg med juletre, som blir pynta med lys og kuler omtrent som her i landet. Men det var først etter at dei kom til Sveio at dei tre venninnene blei introduserte for juletre av plast.

Ein juletradisjon som blei kalla «vertep» har dei høyrt om frå foreldra sine, men meiner han nå er på veg ut nå. «Vertep» var teater- eller gateframsyningar av bibelske scener. Først og fremst gjekk det ut på å framstilla historia om Jesu fødsel, altså juleevangeliet.

Ein tradisjon som derimot blir halden i hevd, er feiringa av St. Nikolaus-dagen 19. desember. St. Nikolaus blir rekna som skytshelgen for barn, sjøfolk og folk i naud. Særleg blant ortodokse kristne er feiringa prega av religiøse seremoniar og bøner. Nokre stader får barna godteri og gåver denne dagen. Frå og med i år er feiringa av St. Nikolaus-dagen flytta til 6. desember. Dette tilsvarar Nilsmesse på norsk.

I Ukraina er elles nyttårfeiringa 31. desember viktigare enn julefeiringa for folk flest,
fortel dei tre ukrainarane.

Nyttår blir feira med vener. Då samlast gjerne ukrainarar frå heile Haugalandet til god mat, fest og fyrverkeri.

Droppar julefeiringa

I dagens Ukraina, med krig og uro, er det mange som droppar julefeiringa, fortel Oksana, Iryna, og Nataliia. I staden for å bruka ekstra pengar på seg sjølve, gir dei heller ei ekstra gåve til soldatane.

– Dei fleste har eller kjenner nokon som er i militæret, seier Oksana.

Eksmannen hennar og far til dottera på fire år, er ein av dei. Han fortel det same som mange andre ukrainske soldatar: Dei manglar mat og gode klede, og er avhengige av donasjonar frå sivilbefolkninga.

Alle dei tre kvinnene har jamleg kontakt med familiane i heimlandet. Oksana kjem frå ei bygd sentralt i landet, der mora framleis bur. Der er det relativt roleg. Broren, som bur i Kiev, har derimot fått merka mykje meir til krigen. Periodevis har han difor tatt med seg familien til bygda der han kjem frå.

Då krigen braut ut, budde Iryna i den austlege delen av landet som no er okkupert av Russland. Der har familien det svært vanskeleg, seier ho. Iryna drøymer om å reisa på besøk til familien sin ein gong.

Nataliia kjem frå Kramatorsk, der mora framleis bur. Nataliia opplevde å få husværet sitt øydelagt alt i 2015, året etter at krigen starta i aust. Ho og familien har difor flykta to gonger. Først internt, og så til Norge.

– Vi gjerne bli

Alle tre er nå ivrige etter å læra norsk og få seg arbeid her i landet. Nataliia og Oksana, som er småbarnsmødre, ser korleis barna blir integrerte i lokalsamfunnet. Etter som tida går, meiner dei det kan bli vanskeleg å bryta opp og dra tilbake til Ukraina, sjølv etter at krigen er over.

– Det avgjerande er likevel om eg får meg arbeid, seier, Oksana. Ho er utdanna lege
med spesialisering innan smittsame sjukdommar og har ni års erfaring.

No er målet hennar å oppfylla dei krava som skal til for å få norsk autorisasjon som lege. I så fall vil ho vidareutdanna seg innan allmennmedisin og bli fastlege, som ho veit at Norge manglar mange av. Alt i dag er ho klar til å bli pleiemedhjelpar. Arbeidslaus kan ho ikkje tenkja seg å vera.

Iryna, som mellom anna er utdanna møbeldesignar, og Nataliia, som er rekneskapsførar, håpar også at utdanninga og arbeidserfaringa deira kan gi grunnlag for arbeid og inntekt.

Powered by Labrador CMS