nyhende

UiB testa ut ny type radar i Sveio

Tilsette frå UiB tok nyleg ein tur i helikopter nord for Haukås. Der testa dei ut ein ny type radar som skal hjelpa Vegvesenet med måla tjukkleiken i myrar dei skal grava i. — Det er første gong me prøver dette på myr, seier Jan Magne Cederstrøm, overingeniør hos UiB.

Publisert Sist oppdatert

Det var ein litt uvanleg dag på jobb for Jan Magne Cederstrøm og Jostein Bakke frå UiB, onsdag denne veka.

I nærleiken av Rødvatnet nord for Haukås sto dei og venta på å verta henta.
Då dukka plutseleg skyssen deira opp på himmelen, eit helikopter.

— Det kom frå Kinsarvik og henta oss. Dei møter oss der me finn ein passande landingsplass, seier Cederstrøm.

Første gong

Han er overingeniør, og Bakke er professor hos Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen. Dei var i Sveio for å testa ut ein radarmålar dei har utvikla på oppdrag frå Vegvesenet.

— Me har tidlegare brukt den for å måla tjukkleiken på isbrear, og no testa me om det var mogeleg for den å måla tjukkleiken på myrar, seier Cederstrøm.

Det er første gongen dei brukar radaren på myr. Vegvesenet ynskjer svært gjerne å finna ut om det er mogeleg å gjera målinga det frå helikopter. Dagens metode er nemleg å gå til fots.

— Då har dei ein målar som dei dreg etter seg på bakken, kalla ein georadar. Skal ein dekka store område, så tek det lang tid og ein må vassa mykje i myr, forklarar Cederstrøm.

Lovande

Difor vil deira radarmålar kunne spara Vegvesenet for mykje tid og pengar ved at kartlegginga går raskare. Frå 30 til 50 meters høgde kan dei dekka store areal på kort tid.

— Dei vil måla tjukkleiken på myrar for å mellom anna vita nivået på Co2 i myrane dei vurderer å grava opp i samanheng med vegprosjekt. Det er stor forskjell på kor mykje som kjem frå å grava opp ei djup eller grunnare myr, seier Cederstrøm.

— Fungerte radaren dykkar?

— Me jobbar med å prosessera data no, men det ser lovande ut, det gjer det, seier han.

— Når veit de om det fungerte eller ikkje?

— Forhåpentlegvis i løpet av eit par veker. Me skal samanlikna det med vanlege målingar som COWI skal gjera. Dei skal gå på bakken med georadar, seier Cederstrøm.

Ikkje tilfeldig

Viss målingane viser det same, så vert det truleg slutt på vassing i myr for Vegvesenet og tilsette i deira prosjekt.

At Sveio vart prøvekanin er heller ikkje heilt tilfeldig trur overingeniøren.

— Vegvesenet plukka ut dette området for oss. Dei var rett og slett interessert i å få testa det her. Det er jo i samanheng med E39 at dei kartlegg det, seier han.

Området dei flaug i var Skarhaugen, Tjørnaåsen og Stovedalen. Dei tok av og landa frå ein stad nær Rødvatnet.

— Har dykk floge i Sveio før?

— Nei, det har me ikkje. Det nærmaste er Folgefonna då me testa radaren på isbre, seier han.

— Er det gøy å flyga i helikopter?

— Ja, det er ein fin ting det. Ein grei måte å koma seg fram på, seier Cederstrøm.

Powered by Labrador CMS