nyhende

Regjeringas arbeid for å skaffe befolkninga vaksinar er blant temaa koronakommisjonen har granska. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Regjeringas arbeid for å skaffe befolkninga vaksinar er blant temaa koronakommisjonen har granska.

Tysdag kjem rapporten: – Pandemien har demonstrert ei sårbarheit for svikt i globale forsyningslinjer.

Landa blir seg sjølv nærast i kriser. — Det held ikkje å vere rik om du står åleine, seier leiaren av koronakommisjonen Egil Matsen.

Publisert Sist oppdatert
Tysdag legg samfunnsøkonomen fram kommisjonens andre og siste rapport. Noregs strategi for å skaffe vaksinar er eit tema dei har sett spesielt på.

– Pandemien har demonstrert ei sårbarheit for svikt i globale forsyningslinjer. Vi skildra det grundig i vår første rapport når det gjaldt smittevernutstyr. Det var òg uro for legemiddelmangel. Det vart det ikkje. Det er litt det same ein kan sjå med vaksinar – landa blir seg sjølv nærast i slike kriser, seier Matsen til NTB.

Å vere eit rikt land er ikkje nok om du er veldig åleine, påpeikar professoren i samfunnsøkonomi.

Krise på krise

Noreg hadde knapt avslutta pandemitiltaka før krig braut ut i Europa. Og dette kom på toppen av andre kriser igjen: Terrorangrepa i USA førte til konfliktar som Noreg var involvert i, finanskrisa, terrorangrepet i 2011 og flyktningkrisa i 2015.

– Dei nasjonale krisene har komme ganske tett etter tusenårsskiftet, påpeikar Matsen, som meiner det gjer det tydeleg for alle at beredskapsarbeid er viktig og må påverke politikken.

– Sårbarheita i globale forsyningslinjer er veldig aktuelt igjen med krigen i Ukraina. Vi ser at konsekvensane av både sanksjonane og krigshandlingane påverkar forsyningar av viktige varer, til og med mat, over heile verda.

Ramma skeivt

Koronakommisjonen er breitt samansett. Matsen tok over leiinga etter at den første rapporten vart lagt fram i april i fjor. Med seg har han mellom anna juristar, legar, politikarar, medisinske ekspertar og representantar for næringslivet.

Mandatet har vore å gjere ein grundig og heilskapleg gjennomgang og evaluering av korleis styresmaktene har handtert pandemien.

Den første rapporten såg på beredskapen i forkant og den første nedstenginga. Den andre og siste rapporten dekkjer perioden fram til 31. oktober i fjor.

Solberg-regjeringa bad kommisjonen spesielt om å undersøkje:

• situasjonen for kommuneoverlegar og kommunale smittevernlegar

• behovet for sengekapasitet og intensivberedskap hos sjukehusa

• arbeidet til regjeringa for å skaffe vaksinar og strategien for utrulling av vaksinar

Vaksinestrategi

Noreg valde å samarbeide med EU om å skaffe vaksinar, og kommisjonen er beden om å vurdere dette opp mot andre land som valde ein annan strategi, spesielt Israel og Storbritannia som inngjekk eigne, bilaterale avtalar.

– Vi har sett på kva alternativ styresmaktene faktisk hadde, fortel Matsen.

Også diskusjonen om Noreg burde satse på eigen vaksineproduksjon er del av rapporten.

– Det var ingen vaksineproduksjon for menneske då pandemien braut ut. Og det er ganske avansert produksjon, svarer Matsen på spørsmål om det er noko dei tilrår.

Han vil ikkje dele konklusjonane i rapporten i forkant, men fortel gjerne kva spørsmål dei har sett på. Til dømes har dei behanla diskusjonen om lærarar og andre yrkesgrupper burde fått forrang i vaksinekøen.

Dei har òg sett på spørsmålet om Oslo og andre område med høgt smittetrykk burde fått fleire vaksinar tidlegare. Ein analyse kommisjonen har fått, viser at sjukdom kunne vore unngått dersom regjeringa hadde lytta tidlegare til dei faglege råda om å skeivfordele tidlegare, melder NRK

Også tiltaka for å hindre smitte frå utlandet, inkludert bruken av karantenehotell, er med i rapporten, men Matsen understrekar at det er opp til domstolane å avgjere spørsmålet om lovligheten.

Ramma skeivt

Kommisjonen har mellom anna sett på korleis pandemien og tiltaka har ramma nokre grupper meir enn andre, spesielt innvandrarar, barn, unge og studentar og dei som har vore avhengige av kommunale tenester.

– Vi meiner at konsekvensane for desse gruppene ikkje viser seg fullt ut enno, seier han, og seier kommisjonen vil oppmode både kommunale og nasjonale styresmakter å følgje med på dette framover.

For fort?

Så omfattande tiltak som politikarane sette inn ville vanlegvis gått gjennom grundige utgreiingar og høyringar.

– Det hadde ein ikkje tid til denne gongen. Men spørsmålet er: Kunne ein rigga seg litt annleis i nokon av sakene for å få eit betre avgjerdsgrunnlag og få vurderingar frå dei som skal praktisere regelverket?

– Har det gått litt fort?

– Det har vore hastverk. Det er ikkje negativt at styresmaktene har vore handlekraftige og tekne avgjerder raskt. Men har det vore behov for så stort hastverk alltid? Det er noko av det vi ser på.

Med rapporten på tysdag avsluttar koronakommisjonen sitt arbeid. Det betyr at handteringa til den sitjande regjeringa ikkje blir granska av dei. Regjeringa har i staden varsla at ho vil setje ned ei ekspertgruppe som skal evaluere pandemihandteringa samla sett og handteringa av omikronbølgja frå 1. november i fjor.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS