nyhende
Turveg som skuleveg til politisk behandling
Etablering av turvegar som skulevegar er mogleg, lønsamt og bra for helsa. Det er konklusjonen av statusrapporten frå pilotprosjektet som no blir sendt ut til politisk behandling.
Basert på statusrapporten tilrår rådmannen at strekningane Lien-Auklandshamn skule og Nygård-golfparken blir prioriterte for vidare arbeid. I saksførelegget blir også Rophus-Vikse skule nemnt som eit prosjekt med særleg interesse.
Rådmannen tilrår også vidare dialog med Vestland fylkeskommune med sikte på fylkeskommunal finansiering av strekninga Rophus-Vikse skule og med sikker kryssing av Tittelsnesvegen (Fv 47) ved avkøyrslene til Solstad og Sveio sentrum. Rådmannen tilrår at det blir sett av 500.000 kroner årleg til vidare planlegging i investeringsbudsjetta i økonomiplanperioden 2025-2028.
Politisk behandling
Statusrapporten med rådmannen si tilråding til oppfølging blir lagt fram for hovudutval oppvekst og kultur måndag 2. september. Saka går vidare til formannskapet og kommunestyret.
Svært mange grunnskuleelevar i Sveio får gratis skuleskyss på grunn av farleg skuleveg. Det har ikkje lukkast å få Vestland fylkeskommune med på bygging av tilstrekkeleg med gang- og sykkelvegar. Lønsemda i turveg som skuleveg-prosjektet ligg i at kommunen kan få spelemidlar til delfinansiering av utbygginga, som i neste omgang vil redusera utgiftene til skuleskyss på grunn av farleg skuleveg.
Prosjektgruppa som har arbeidd med turveg som skuleveg-prosjektet består av Andreas Ekrheim (leiar), Ilona Nowak, Petter Steen jr., Marit Liknes og Leif Grindheim i konsulentfirmaet Legria AS, som har utarbeidd rapporten. Steen jr. har vore sakshandsaman for den saka som no blir lagt fram for politikarane.
Mykje å spara
Basert på KOSTRA-tal viser rapporten av Sveio har brukt mellom 4,3 og 5,2 millionar kroner årleg i skuleskyss mellom 2015 og 2023. I 2023 var utgiftene 5,1 millionar. Totalt får 56 prosent av elevane gratis skuleskyss. Andelen varierer frå skule til skule. Vikse skule er i ei særstilling. Her får 96 prosent av elevane gratis skuleskyss. Auklandshamn skule kjem på andreplass med 54 prosent, Sveio skule med 52 prosent, Valestrand skule med 45 prosent og Førde skule med 20 prosent.
Sidan Sveio skule har flest elevar, har denne skulen også dei høgaste utgiftene til skuleskyss, 2,1 millionar kroner siste år. Vikse skule kjem på andreplass med 787.269 kroner og Auklandshamn skule på tredjeplass med 509.427 kroner.
Pilotprosjekt
Strekninga Lien-Auklandshamn skule er utpeikt til pilotprosjekt og prioritert høgast i rådmannen si tilråding. Netto utbyggingskostnader av turveg som skuleveg er her kalkulert til litt over tre millionar kroner. Då er det lagt inn føresetnad om 1,7 millonar kroner i spelemidlar til veg og lysanlegg. Basert på elevtalet i fjor er den årlege innsparinga i skyssutgifter berekna til 188.000 kroner. Då er det også tatt omsyn til årleg vedlikehald av turvegen.
Strekninga Nordskog-golfparken har ein berekna utbyggingskostnad på 1,7 millionar korner. Strekninga er for kort til å utløysa spelemidlar, men vil likevel gi ei årleg innsparing av kommunen sine driftsutgifter på 152.000 kroner.
Dei andre strekningane som er vurderte i statusrapporten er Vestvik-Auklandshamn skule, Solstad, Rophus-Gullvegen og Gullvegen-Vikse skule. Gruppa arbeidar vidare med alternativ for Nordskog-golfparken og for strekningane frå Ekrene og Rophus til Vikse skule.
– Alle er lønsame
– På sikt vil alle prosjekta vera lønsame. Best økonomi er det for strekninga Rophus-Gullvegen, heiter det i rapporten.
Utbyggingskostnadene for Rophus-Gullvegen er sett til 2,1 millionar kroner når 850.000 kroner i spelemidlar er trekt frå. Dette vil gi ei årleg innsparing for kommunen på 346.000 kroner.
Strekninga Vestvik-Auklandshamn skule, som treng lengst tid for å bli lønsam, har ein nettokostnad på 6,8 millionar kroner og vil gi ei årleg innsparing på 219.000 kroner.
I tillegg til kostnadssparing når det gjeld skuleskyss, blir det i rapporten sagt ein god del om folkehelsegevinsten og gevinsten for bygdene generelt ved utbygging av turveg/skuleveg-nettet.
På delar av strekninga Vestvik-Auklandshamn skule er det ikkje oppnådd semje med grunneigarar. Det går ikkje fram av rapporten kva som er grunneigarane sin innvendingar.