nyhende
Turveg som skuleveg på vent
Formannskapet vil setja turveg som skuleveg mellom Lio og Auklandshamn på vent, men arbeida vidare med ein tilsvarande veg mellom Nygård og Sveio Golfpark.
Formannskapet vil dessutan halda fram dialogen med Vestland fylkeskommune om finansiering av skuleveg frå Rophus til Vikse.
Annleis enn venta
Tilrådinga blei vedtatt mot ei stemme etter tilrådng frå Asle G. Halleraker (TvF). Jarle Jacobsen (KrF) var den einaste som støtta rådmannen sitt forslag om å prioritera strekninga Lio-Auklandshamn. Dette gjorde han for å halda debatten gåande ei stund til, som han sa. Men også Jacobsen meinte som Halleraker og dei andre som hadde ordet, at løysinga for Lio-Auklandshamn er blitt ei heilt anna enn det politikarane først såg føre seg.
– Det me såg for oss var ei hybridløysing langs fylkesvegen. Forslaget som no ligg på bordet er ein turveg langt langt frå fylkesvegen, sa Halleraker.
Heller ikkje Rune Teikari (Frp) var klar til å støtta ein tur/skuleveg langt inne i urørt natur. Ordførar André Mundal Haukås (H) sakna dessutan ein framdriftsplan. Saka går vidare til kommunestyret.
Fritidskortet
Ei anna sak som går vidare til kommunestyret, gjeld innføring av eit universelt fritidskort for barn og unge. Linn Therese Erve (Ap) gjekk inn for innføring av eit kommunalt finansiert fritidskort for aldersgruppa 11-15 år etter modell frå Bømlo. Kostnadene må innarbeidast i budsjettet for 2025, sa Erve, som under avstemminga fekk støtte av Asle G. Halleraker (TvF).
Fleirtalet støtta rådmannen og hovudutvalet si tilråding, som går ut på å framsnakka den behovsprøvde støtteordninga for låginntektsfamiliar som kommunen alt har gjennom NAV. Fleire av dei som støtta fleirtalet denne gongen, sigaliserte at dei vil arbeida vidare med spørsmålet fram til saka kjem opp i kommunestyret. Dette gjaldt både Jarle Jacobsen (KrF) og ordførar André Mundal Haukås (H).
Ungdomsrådet blei også oppfordra til å arbeida med saka og nytta taleretten sin på kommunestyremøtet.
Gjekk for utsetting
Formannskapet som styringsgruppe for utbygging av nyskapande aktivitetsanlegg (Vigdartun) valde samrøystes å utsetja behandlinga av ei orienteringssak med statusrapport for prosjektet. Det blei bestemt å ta denne saka opp på nytt møte 14. oktober. Kostnadssprekk på fleire område var ein av grunnane til utsetjinga.