nyhende

Forslag om avgrensingar i turistfisket kjem på høyring. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Forslag om avgrensingar i turistfisket kjem på høyring.

Turistfiskereglar på høyring

Nærings- og fiskeridepartementet har bede Fiskeridirektoratat om å gjennomføra høyring av forslag til forvaltingstiltak i turistfisket. Dette er tiltak som kan bli innførte alt frå 1. april 2025.

Publisert Sist oppdatert

Høyringsfristen er sett til 28. februar. Eitt av forslaga er å redusera utførselskvoten til ti kilo per person over 12 år. Det er også foreslått ei avgrensing til to utførslar per år. Dessutan blir det foreslått forbod mot innfrysing av fisk for personar som ikkje er busette i Noreg. Det er foreslått at gjester ved registrerte turistfiskeverksemder skal få unntak frå denne innfrysingsregelen.

Forslaga er baserte på turistfiskerapporten som ei arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet la fram i fjor, fortel direktoratet i ei pressemelding. Arbeidsgruppa kom med fleire konkrete forslag til tiltak for å regulera turistfisket innanfor berekraftige rammer.

Den høyringa som no er sett i verk, gjeld berre tiltak som kan innførast raskt. Seinare vil det bli gjennomført ei ny høyring om andre forslag i turistfiskerapporten.

Vestavind har tidlegare omtalt turistfiskerapporten, der det mellom anna også blir drøfta innføring av fiskekort for utanlandske fisketuristar.

Powered by Labrador CMS