nyhende
Turid Spildo: – Eg er kynisk
Turid Spildo (57) trakterer kanskje ikkje førstefela i familien Nerdrum. Men det er ho som er prosjektleiar og ser til at alle speler på lag.
– Eg opplever ikkje at me har selt sjela vår. Kamerateamet slapp heller aldri inn i øvste etasje i huset, der me har vår private bustad.
Turid Spildo lener seg attende på pinnestolen og smiler uutgrundeleg. Det er tidleg føremiddag på Havfuglen café i Stavern og berre nokre dagar att til det restaurerte badehuset skal opne att for sesongen. Over kaféborda ligg det takpanel ho nett er ferdig med å beise, og ute i orangeriet står ein hjelpemann og målar bjelkar. Småtteri, kallar Spildo det. Kafeen fekk si høgtidelege opning alt i juni i fjor. Arbeidet no er berre finpussen ho ikkje nådde innimellom innspeling av NRK-serien og innspurten med museet vegg-i-vegg.
And og lekam
For ja, det er sjølvsagt Nerdrum-museet alt handlar om. Til liks med tv-serien som nær ein million nordmenn har sett, er kafeen berre eit middel til å lokke fleire til monumentet over Spildo sin ektemann gjennom tretti år. I Sjøparken i Stavern skal besøkjande først få føde for anda – og deretter for lekamen. Hjå Turid ventar det høge smørbrød og kaker.
– Då eg fekk e-posten frå NRK om familien ville vera med i serien, tenkte eg at me kunne nytte det til vår fordel og få merksemd rundt Nerdrum-museet. Så eg er kynisk. Dette er mitt nye prosjekt, seier Turid, før ho smett inn på kjøkkenet for å sjå til eplekakene i omnen.
Sjølv vaks ho opp under bratte vestlandsfjell i Granvin, med mor, far, to eldre sysken og besteforeldre i huset på andre sida av tunet. Barndomen var teikning, lukta av eple og lyden av rautande mjølkekyr i floren – og – av besten Einar, som spelte fele både seint og tidleg. Turid veit framleis ikkje kvifor han bestemte seg for å lære bort alle slåttane sine til akkurat henne og systera. Kanskje rekna han med at broren hennar skulle overta garden og ikkje ville ha tid. Frå ho fylte sju år stod han uansett nede i vegen og venta når ho kom heim med skulebussen.
«I dag skal me spela», sa besten. Og så gjorde dei det.
– Det er ein stor fordel å lære som barn, for du høyrer ikkje unotane så godt. I starten greidde eg knapt å halde bogen, han datt stadig i hovudet på bestefar. Men eg lærte i det minste slåttane raskt, fortel ho, etter å ha fridd seg frå forkledet.
Då ho møtte han
Naturleg nepotisme, forklarar Spildo det med, at ho etter gymnaset enda på agronomlina ved jordbruksskulen i Sunnfjord og reindyrka alt ho hadde lært heime om husdyr og forhaustarar. Etter tre år som avløysar ville ho likevel vidare. Ho søkte både kunsthøgskulen og folkemusikkakademiet i Rauland – og kom inn på det siste.
Få år etter var ho attende i Hardanger og samla inn folketonar til boka «Toneskrinet». Det var då, på folkemuseet i Utne, at ho møtte Odd Nerdrum fyrste gong.
Då dei vart i lag eitt år seinare, var ho 28 år. Han hadde bikka 50 og fått tre born i eit tidlegare sambuarskap.
– Odd er veldig underhaldande. Og eg likar å bli underhalden. Eg har aldri hatt ein kjedeleg augneblink med Odd, seier ho.
Prosjekt-poteta
Lenge dreiv dei med kvar sine ting. Medan han sjokkerte kunstverda med sjølvportrett med erigert penis, slo Turid og folkemusikk-kvartetten Dvergmål gjennom med plateprosjektet «Blåberglandet» med tekstar av Ivar Aasen. Så vart dei foreldre til sønene Bork og Øde, og då paret flytta til Island i 2003 var familien ytterlegare utvida med tvillingane Aftur og Myndin.
Som firebarnsmor, og i oppstarten på ektemannen sin skattekonflikt med norske styresmakter, fann Turid likevel tid til å hente fram målarskrinet. Parallelt gav ho ut soloplata «Nykkjen» med materiale frå folkemelodisamlaren Olav Sande.
– Eg har alltid gjort det eg har lyst til. Eg har levd der og då og aldri hatt noko langsiktig perspektiv på kva eg skulle bli eller drive med. I retrospekt ser eg jo at det er slik eg har halde fram; å arbeide med ulike prosjekt.
Ho kikar ut det store vindauget og blir stille ei stund:
– Fire barn var tidkrevjande, og at eg skulle vera dobbeltarbeidande hadde ikkje passa korkje meg eller Odd. Odd er den som tener pengane, og eg kan kaste meg ut i andre ting. Det er difor me passar saman. Der han er monoman, er eg «a jack of all trades, but master of none».
Frå meister til meister
Det var ikkje like smålåtent då ho i 2012 gav seg i kast med ei heil plate med meisterspelemannen Knut Hamre.
«Ro hit til meg! Du ska fao rjomagraut, saudamjølk, jentefang. Uppreidde sengji!» lokka ho, medan kritikarane klappa begeistra.
Så vart det brått stille frå Spildo:
– Etter kvart tok jo rettssakene mot Odd svært mykje tid. Snart var det dét som var det store prosjektet; Å halde Odd utanfor fengsel. Eg skreiv og ringde til alle tider på døgnet. Då angrepet – og prosjektet – omsider var ferdig og Odd vart benåda i 2017 – var me alle så sterkt skadde at me trengde nokre år på å koma til hektene att.
Ho dreg pusten:
– Men eg måla heile tida, også gjennom rettssaka. Likevel; å måle godt er ekstremt vanskeleg. Eg måtte ha nokre år på å forstå det heile.
Ho kastar eit rastlaust blikk innover i orangeriet, og på dei flekkete takbjelkane med fargeprøver. Linoljebasert emulsjonsmåling krev ein særskild teknikk, forklarte ho då ho viste rundt tidlegare på føremiddagen. Det var difor ho måla mest mogleg av dei enorme veggflatene i Nerdrum-museet sjølv. Ja, og for å halde utgiftene nede.
– Kvar er likskapen og skilnaden mellom måling og musikk?
– Det er mest likt. Begge delar er uhyre vanskeleg; du må tenkje både heilskap og detaljar på same tid. Og ein kan ikkje lære korkje musikk eller måling frå bøker. Ein må lære frå ein meister. Det har eg gjort i begge tilfella.
Lim og kvinnelist
Ho stel ikkje akkurat tv-showet, Turid. Der ektemannen, med alle sine utbrot og krav og filosofiske utgreiingar er som skapt for store tv-augneblinkar, bevegar ho seg ofte som ein skugge i bakgrunnen. Roar gemytta, glattar over, lirkar og dyttar og oppmuntrar og ser til at alle speler på lag.
Ho nikkar sakte til oppsummeringa:
– Er ikkje det rolla til kvinna då? Å vera limet i familien? I gamle dagar var det i alle fall slik. Og det er slik eg er. Eg har aldri hatt behov for å gå i 8. mars-tog, men eg har ingenting i mot at andre gjer det.
– Samlivet hadde kanskje ikkje fungert like bra om du hadde hatt dei same ambisjonane som for deg sjølv som for andre?
– Det hadde nok gått, men eg har altså ingen ambisjonar på vegner av meg sjølv. Eg trudde eg hadde det, men fann ut at eg likar prosjekt og at dei ikkje treng handle om meg. Og eg er jo veldig ambisiøs på vegner av prosjekta!
Ho kjente på det allereie då ho jobba med musikk, fortel ho; at ho er introvert av natur og føretrekker å vera i bakgrunnen. Det gjer ho ikkje mindre viktig.
Veldig sjenert og veldig nervøs
– Som musikar likte eg meg på scena når eg fekk det til, men eg var og veldig sjenert og av og til veldig nervøs. Eg forstod til dømes tidleg at kappleikar ikkje var noko for meg. Eg må spele og syngje meg opp og vil helst ha ein heil time. I kappleikar får du kanskje to slåttar – og to sjansar – til å vise kva du kan. Det fungerer ikkje for meg, seier ho og dreg på akslane.
– Eg stilte jo ut måleria mine i nokre år, og det var heller ikkje noko for meg. Eg likar ikkje kontakten med galleristar og å skulle selje mine eigne ting. Eg har derimot ingenting i mot å vere mellommann for Odd.
– Kjenner du på prestasjonsangst over å skulle måle under same tak som han?
– Nei, nei, eg er ikkje flau for å vise han tinga mine, ikkje i det heile. Me målar heller ikkje under same tak. Eg har mitt eige atelier. Men dei gongene me har konkurranse og teiknar same modell, går det ikkje. Odd vrir og forandrar på modellen heile tida, og eg trur han gjer det med vilje. Han er veldig konkurranseorientert.
Ho humrar lågt:
– Eg trur forresten ikkje dette handlar om maskulinitet. Dotter mi Myndin er også målar og heilt rå i konkurranse. Ho er faktisk aller best når ho konkurrerer.
Verneverdig
For den som har sett serien på NRK, er borna sin likskap til faren slåande, anten det handlar om forakta for moderniteten, kjærleiken til klassiske, greske ideal eller det konservative riksmålet dei framfører ideane sine på. Det er først når Turid tek ordet på kav hardangerdialekt og varslar om alt det praktiske som må gjerast, at me blir minna om at dette også er ein familie med urnorske småkårsrøter.
Sjølv ser ho ikkje bort frå at bodskapen frå eit par av karane i familien kan bli mistolka som arrogant berre i kraft av språkdrakta deira.
– Eg har alltid fått masse skryt for dialekten min, og gjorde Odd tidleg merksam på at dialekten hans ikkje er verneverdig. Det syntest han var veldig morosamt, fortel ho.
Då Bork var fem-seks år gammal, fekk ho likevel eit innfall om å leggje om til austnorsk. Det vart med eit kort forsøk:
– Han syntest eg var kjempeskummel og vart rett og slett litt redd. Så det kunne eg ikkje halde fram med!
Tradisjon i tunet
Heime i Granvin var nynorsk ein like sjølvsagt del av kvardagen som svele og rasfare. Når Spildo og dottera Aftur i dag arrangerer poesikveldar i kafeen, har ho difor fleire gonger framført verk av diktarfavoritten Olav H. Hauge.
Hauge, som Odd tilfeldigvis nett hadde vore på besøk hjå, då han møtte Turid i Hardanger den gongen i 1992.
For om Turid har lært og beundrar mykje ved Odd, har ho heller aldri vore i tvil om at han set pris på bakgrunnen hennar og det ho har tilført samlivet. Då snakkar me ikkje om dei to faste måltida dei alltid et i lag, eller at ho har skjemt han bort med heimelaga plommesyltetøy og 24-timars vaktmeisterservice.
Sjølv løftar ho fram perspektiva ho tilfører:
– Eg hadde ein god, men heilt annleis oppvekst enn Odd. Eg har ofte tenkt at eg ikkje lærte å samtale før eg møtte han. Eg elskar samtalene våre, og trur eg bidreg med nye innfallsvinklar og rare og store idear, seier ho og nikkar bort mot museet.
Ho nemner ikkje korleis Odd for mange år sidan skrytte til svenske tv-sjåarar av felespelet hennar og stolt fortalde korleis ho hadde lært han å sette pris på dei gamle lydarslåttane. Ifølgje Odd var slåttane like vedunderleg vakre og melankolske som klassisk måleri – og også like undervurderte.
Ville ha ein mann med gard
– Kva slags forhold har borna dine til din kulturarv?
– Dei er oppvaksne her og sjølvsagt prega av det. Men Øde spelar litt hardingfele, og eg opplever at dei har stor respekt for mine tradisjonar.
– Og de driv jo i røynda ein gard med fleire generasjonar på tunet – nett som i Granvin?
– Ja. Då eg møtte Odd, og før me vart saman, sa eg at eg ville ha ein mann med gard.
Ho pakkar strikkejakka rundt seg og ler, høgare denne gongen:
– Eg meinte det kanskje ikkje så alvorleg, men Odd gløymde det aldri. Han tok det så seriøst at han kjøpte garden her i Stavern berre tre år etter at me vart saman. No er det dette som er heime.