nyhende
Turgåar mista stien på veg til Emberlandsnipen
Då mørket fall på og ein mann i 30-åra ikkje fann stien tysdag kveld, blei frivillige frå Norsk Folkehjelp redninga. Han ringde sjølv politiet og bad om hjelp då han ikkje klarte å finna vegen ned frå fjellet.
Turgåaren forklarte at han hadde gått frå Auklandshamn skule, og hadde tenkt seg til Emberlandsnipen, men var kome vekk frå stien. Politiet blei kontakta klokka 18:26.
Eit frivillig mannskap på seks personar blei sendt ut for å leita. Klokka 21.43 blei turgåaren funnen uskadd, men kald, og transportert trygt ned frå fjellet. Det opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, André Skram Hansen.