Kvikk-Lunsjen, vaflane og appelsinane fekk ein sur bismak for nokre av dei mange som nytta godvêret sundag til å gå tur til Ryvarden.
Trafikale utfordringar
— Fint vêr og mange folk ute i turområdet ved Ryvarden fyr har ført til trafikale utfordringar og feilparkerte bilar i Mølstrevågvegen, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.
Politiet har skrive ut gebyr til fem bilar, og presiserer at dei bøtelegg parkering utanfor tillét område.
Det var elles sesongopning for Ryvarden Kulturfyr i helga, noko som truleg freista ekstra mange til å turen ut for å nyte god mat og kunst.
#Sveio: Fint vær og mange folk ute i turområdet ved Ryvarden fyr har ført til trafikale utfordringer og feilparkerte biler i Mølstrevågvegen. Politiet har ilagt fem biler parkeringsgebyr og bøtelegger parkering utenfor tillatt område.
— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest) March 6, 2022