nyhende

Det er ikkje alltid ein treng klatra høgt til fjells for å flott utsikt. Her frå ein tur til Buavåg der det var utsyn til Bømlo og Siggjo.

Turar på grøn resept er i gong

Sveio turlag startar vårsesongen tysdag. Fleire vårturar enn i fjor, ny historisk vandring og tur til Utsira kan bidra til at 2026 blir året at målet om 1.000 deltakarar blir nådd.

Publisert Sist oppdatert

Første tur går tysdag denne veka, og det mange turar på planen framover både tysdagar og søndagar.

– I fjor enda deltakartalet på knappe 850, litt under rekordåret 2024 der nesten 900 var med på tur gjennom året. Tre-fire fleire vårturar, mellom anna historisk vandring i Førde og tur til Utsira håper me vil bidrag til å nå målet om 1.000 deltakarar i løpet av vår- og haustsesongen, seier Arild Wiersen.

Gler seg til Utsira

Han gler seg til alle turar, men ein står litt ekstra fram i år: Utsira. Der har han aldri vore før.

– Til vanleg er det berre å møta opp til turane ein vil vera med på. Utsira-turen er eit unntak. Der må folk melda seg på slik at me veit kor mange som skal vera med både på ferja og middagen etterpå på Dalatunet, seier Wiersen.

Som vanleg er utvalet av turar variert, og du finn heilt sikkert nokre som passar for deg.

Slik ser vårsesongen ut:

Tysdag 10. mars legg Sveio Turlag ut på si første vandring i år. Frå Paddevegen går turen den gamle Kyrkjevegen i lett kupert terreng vestover til Søre Mølstre. Skyss for sjåførar frå Mølstre til Fjellstad blir ordna.

Søndag 15. mars tek Svein Magne Vikse deltakarane med frå Fantahytta ved Nordre Vikse, rundt Straumsvollvatnet og til «Utsikten». 

Søndag 22. mars går turen til Spannavarden (146 m.o.h.) og Tronefjell (151 m.o.h.) på fastlands-Karmøy. Ein om lag tre timars tur i lett kupert terreng. 

Tysdag 24. mars tar Jan Roar Oa deltakarane med frå Oa ungdomshus til Oavika, Oaneset og Strømvika (Oa-runden) i Sveio. 

April

Tysdag 7. april køyrer ein til Grinde i Tysvær. Turen følger skilta «Husfliden» og «Bautasteiner», og går til Grindeneset i lett kupert terreng langs Grindefjorden. 

Søndag 12. april er Ingvar Nymark kjentmann og turleiar på ein om lag fire timar middels krevjande tur til Steinsfjell (372 m.o.h.), Steinsvatnet og Rosskånefjellet på Tittelsnes i Sveio. 

Søndag 19. april blir det felleskøyring til parkeringsplass ved Totlandssjøen på Moster, Bømlo. Kjell Vespestad er kjentmann på ein om lag tre timarst tur i lett kupert terreng til Storaneset. 

Tysdag 21. april er Thomas Førde lokal kjentmann på ei kulturhistorisk bygdevandring i Førde. Me følgjer Kjærlighetsstien gjennom Vestbygda og mot Rubbestadsmio, deretter gamlevegen forbi bedehuset mot Førde kyrkje. Etter «Prestens undergang» er det inn på Elvestien der Thomas vil fortelja om det gamle kraftverket som i farne tider forsynte Førde med straum. Siste del av turen går til Rex Garden der bløminga vil vera i full gong. 

Søndag 26. april tek Jon Olav Velde deltakarame med på ein middels krevjande tur frå Nedre Vats til Grånuten (531 m.o.h.) i Vindafjord.

Tysdag 28. april blir det ei historisk vandring til Eikelandsneset og «Havner» i Auklandshamn. Willy Mjånes vil fortelja om då skottar, shetlendarar og hollendarar på 1500- og 1600-talet årvisst kom til Sunnhordland for å kjøpa eiketømmer.

Mai

Tysdag 5. mai er Johannes Vandaskog lokal kjentmann på ein rundtur på gamle ferdselsvegar og til Kleiva på Vandaskog. Frå garden hans går turen via ein gamal kyrkjeveg frå Eltravåg og Lyngholm. 

Søndag 10. mai går turen til Sagvåg skule på Stord, der turstart er frå Dyvikjo. Turen går i middels krevjande terreng til Utslettefjellet (252 m.o.h.) og dagsturhytta «Utsletteslottet». 

Tysdag 12. mai er Ingvar Nymark lokal kjentmann og turleiar på ei vandring frå Valestrand kyrkje til Hauglandsvika, Breivika og vidare til Vasslivegen.

Her er Timmy på Hovdaneset. Stort sett går det greit å ha med hund, men enkelte av turane går i beiteområdet. Då er det ikkje lov å ha med hund av omsyn til dyra.

Tysdag 19. mai blir det rundtur med parkering og start frå naboane Torhild Matre og Torleif Djønne på Bua. Turen går eit stykke på Prestavegen, vidare til Litlesåt og Buaåsen. 

Søndag 31. mai har turlaget bestilt godt vêr, for då skal dei til Utsira. Arnstein Eek tar deltakarane med på ei historisk vandring langs landevegen og på turstiar før det blir middag i Dalanaustet. Denne turen må ein melda seg på.

Juni

Søndag 7. juni går turen til Heggelifjell (252 m.o.h.) i Tysvær, med start frå Sætre gard i Hesjadalen. Derfrå er det tidvis ulendt og bratt terreng på traktorveg og sti til Heggelifjell. 

Søndag 14. juni vil Kjell Eilerås ta dektakarane med frå Eilerås til Storås (135 m.o.h.) og vidare til Tømmervik. I Bådsvik blir det rast i solkroken til familien Eilerås. NB: Turen går gjennom område med dyr på beite, og det er ikkje lov å ta med hund.

Tysdag 16. juni er det sesongavslutning ved Grillhytta få meter frå Loknakvedno ved Tjernagelvegen. Det blir grilling, quiz ved Arild Wiersen og natursti ved Alfhild Vikse. Tur-laget spanderar noko grillmat.

Powered by Labrador CMS