nyhende
Klarar du å sjå kva som dukka opp ved Åsevatnet?
På veg inn til sentrum stoppa Reidar Thorsen ved Åsevatnet og sperra opp augo. Ved vasskanten stod nemleg ein heilt kvit fugl som i fleire år har vore rekna som eit sjeldan funn.
Det var onsdag 15. april at Thorsen fekk auga på fuglen ved Åsevatnet. Han stoppa og filma ein kort videosnutt.
Thorsen meiner sjølv at det er ei egretthegre. Videoen viste han til Jan Kåre Ness, som har vore fugleentusiast sidan 1980.
– Det er godt mogleg det er ei egretthegre, men det kan også vera ei silkehegre, seier Ness.
Han forklarar at begge artane er kvite og derfor lette å legga merke til, men at storleiken er eit viktig kjenneteikn.
– Egretthegra er større enn silkehegra, seier fugleentusiasten.
Blitt vanlegare
Biledet har endra seg mykje sidan 1990-talet, ifølge Ness.
– For rundt 30 år sidan var ho veldig sjeldan, men no meiner eg det er rundt 50 til 100 observasjonar årleg her til lands, seier han.
Begge artane har sitt opphavlege utbreiingsområde lenger sør i Europa, men dei siste åra har dei også byrja å hekka både i Sverige og Danmark.
– Eg utelukkar ikkje at dei vil gjera det same i Noreg, seier Ness.
Fleire observasjonar i Sveio
Dette er ikkje første gong slike fuglar er sett i Sveio. Ness fortel at han sjølv observerte silkehegre i Vågedalen i 2016. Han har også sett egretthegre på Auklandshamn for 15–20 år sidan.
Han trur difor det er sannsynleg at slike fuglar vitjar området jamleg, utan at dei alltid blir oppdaga.
– Eg vil tru at egretthegra er i Sveio årleg, men dei fleste fuglane blir ikkje oppdaga. Ein må ofte ha litt kunnskap for å forstå at ein har funne noko sjeldsynt, seier han.
Gode stoppestadar
Ness meiner landskapet i Sveio gjer kommunen attraktiv for fuglar på trekk.
– Sveio er ein fin stoppestad for egrettfuglar som anten er på veg nord, sør, aust eller vest, på grunn av alle dei små vatna fuglen gjerne stoppar ved. Det er nok ikkje så spesielt lenger, men det er kjekt å sjå ein heilt kvit egrett. Før drog fuglekikkarar veldig langt for å sjå ein, avsluttar han.