nyhende

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for gras- og lyngbrannfare. Sjølv om berre delar av Sveio er markert i det gule feltet, gjeld farevarselet heile kommunen.

Tørke aukar faren for gras- og lyngbrann

Meteorologisk institutt varslar frå torsdag 23. april om fare for gras- og lyngbrann i Sveio og fleire stader langs kysten.

Publisert Sist oppdatert

– Det skuldast at det har vore tørt langs kysten over ein lengre periode, seier vakthavande meteorolog Haldis Berge ved Meteorologisk institutt.

Førebels er varselet sett til gult nivå til og med sundag 26. april. Det er det lågaste farenivået på instituttet si skala.

– Farevarselet kan bli ståande lenger dersom det ikkje kjem nedbør av tyding, understrekar Berge.

Ho understrekar at særleg gammal og tørr vegetasjon lett kan ta fyr, og viser til det generelle bålforbodet som trådde i kraft 15. april.

– Me tilrår at folk unngår å bruka open eld og følgjer lokale råd og tilrådingar, seier Berge.

Powered by Labrador CMS