nyhende
Digital dugnad skal kartleggje naturinngrep
Norsk institutt for naturforsking (NINA) har lansert ei nettside for digitalt naturoppsyn der folk kan bidra til å kartleggje kor mykje natur som er bygd ned i friluftslivsområde.
Tiltaket opnar for at frivillige kan delta som såkalla folkeforskarar og hjelpe til med å vurdere endringar i naturen basert på fly- og satellittbilete, skriv NINA i ei pressemelding.
Forskarane har utvikla eit nedbyggingsrekneskap som nyttar kunstig intelligens til å tolke titusenvis av ruter på 10x10 meter. Ifølgje NINA viser tidlegare kontrollar at modellen kan ta feil i om lag 18 prosent av tilfella, og at feila varierer mellom ulike delar av landet og årstider.
På den nye nettsida får deltakarane sjå bilete frå 2017 og 2024, der dei skal avgjere om det har skjedd endringar innanfor ei markert rute. Målet er å gjere tala meir presise, særleg for friluftsområde, slik at kunnskapen kan brukast i arealplanlegging og betre vern lokalt.
NINA tilrår at deltaking skjer via PC, sidan kartdata kan laste sakte på mobil.