nyhende

Trur streiken blir kortvarig

Streiken i år er allereie historisk som den første i eit mellomoppgjer på mange tiår. Men han vil ikkje vare lenge, spår Fafo-forskar Kristine Nergaard.

Publisert Sist oppdatert

— Streiken vil føre til såpass store utfordringar for industrien og byggjebransjen at eg trur vi vil sjå ei løysing ganske raskt, seier arbeidslivsforskaren til NTB.

Måndag la nærare 25.000 LO- og YS-medlemmer ned arbeidet i protest mot lønnsoppgjeret. Det er første gong sidan krigen det er streik i eit såkalla mellomoppgjer, der det berre blir forhandla om lønn.

Løysing før fredag?

Nergaard viser til førre gong LO og NHO var i konflikt, i 2000. Den gong varte streiken ei veke.

— Tipset mitt er at vi vil sjå forsøk på å finne ei løysing før den varsla opptrappinga fredag. Frå begge sider er det eit ønske om at dette skal gå så raskt som mogleg, seier ho.

Streiken kan også innebere at alle dei andre oppgjera denne våren blir forskovne.

— Det kjem ikkje til å bli nokon avtalar før ein har vorte ferdige i frontfaget, slår Fafo-forskaren fast.

Allereie måndag vart det klart at forhandlingane i kommunesektoren blir utsette.

— Generelle tillegg må opp

Streiken har allereie ramma mange industribedrifter, byggjeprosjekt, ferjer, matprodusentar og ølbryggjeri. LO har varsla at endå 15.000 til kan bli tekne ut i streik frå fredag av.

Når det gjeld kva slags løysing partane kan komme fram til, viser Nergaard til at LO har stått beinhardt på kravet om at oppgjeret må gi ein reallønnsauke.

– For å få ei snarleg løysing må nok dei generelle tillegga noko opp, seier ho og peikar på at dei siste åra har det vorte gitt mindre i lokale tillegg enn det resultatet i lønnsforhandlingane skulle bety.

I fjor vart til dømes ramma for lønnsoppgjeret sett til 3,7 prosent. Men tala viser at den faktiske lønnsveksten enda på 3,5 prosent.

– Det er nok ein del murring der ute over at ein ikkje har greidd å hente inn ramma, seier Nergaard.

I skissa som riksmeklar Mats Ruland la fram i helga, er det sett av 1,9 prosent til sentrale oppgjer og like mykje til lokale forhandlingar eller såkalla lønnsgliding.

LO: Urealistisk

LO meiner det er heilt urealistisk med ei lønnsgliding på 1,9 prosent.

— Dei som har hatt dei største utfordringane desse siste åra, er dei som ligg nedst på lønnsskalaen. Det er desse som er årsaka til at vi er i streik. Hadde vi akseptert skissa som riksmeklaren la fram i helga, ville det betydd at dei som i dag tener minst, ville halde fram med å ha reallønnsnedgang i år. Det kunne vi ikkje akseptere, sa LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til streikande bygningsarbeidarar måndag.

Nergaard trur også solide lønnshopp blant leiarar og funksjonærar har nørt opp under kampviljen blant dei streikande.

— Når ein har eitt år bak seg med reallønnsnedgang, vil ein ikkje ha eitt til, seier ho.

Samtidig trur ho ikkje baktanken til LO er å ta igjen for reallønnsnedgangen i fjor.

— Partane er profesjonelle. Begge vil unngå ein lønns- og prisspiral, seier ho.

Powered by Labrador CMS