nyhende
Trur på siger i første heimekamp
Det har lugga i seriestarten. Men no trur Sveio-trenar Henrik Grasdal Larsen på tre poeng i årets første heimekamp onsdag kveld. — Og Thorsen er klar med kaffien, lovar han.
Med 0-12, 3-3 og berre eitt poeng etter dei to første kampane i 6. divisjon, håpar Sveio-trener Henrik Grasdal Larsen på årets første siger når det endeleg er duka for heimekamp, mot Sauda IL på grasbanen onsdag kveld.
Tøff sesongstart
Når Vestavind ber Larsen summere opp Sveio-sesongstarten så langt, seier han at resultatet 0-12 mot Ølen 2. påskedag ikkje speila att banespelet. Men at laget i realiteten gav opp på stillinga 4-0 til heimelaget.
Sveio stilte dessutan med bare 11 spelarar, kor tre aldri hadde spelt A-lagsfotball tidlegare. Og så fekk dei ein skade, og måtte dermed spele nesten heile andre omgang med 10 mann. Då vart det altfor tøft mot ambisiøse Ølen som er tilbake i seriesystemet etter at dei trakk seg frå 5. divisjon for to år sidan.
Nyttig pause
Som ein følgje av at både Rubbestadneset 2 og Moster har trekt seg, fekk Ølen eit pusterom fram mot neste kamp.
— Det var både greitt og litt kjedeleg med kamppause. Me skulle gjerne ha fått revansjert oss i ein heimekamp etter opplevinga i Ølen. Samstundes var det greitt å få ein periode kor me kunne fokusere på trening, seier han.
Og det sveibuane la ned på treningsfeltet, gav resultat. For borte mot Trott 2 for ei veke sidan, gjekk det betre for Sveio. Dei leia faktisk 3-0, fram til det sto att litt mindre enn 40 minutt av kampen. Men så rakna det litt, og kampen enda 3-3.
— Det irriterer meg enno at me ikkje vann den kampen, seier han.
Trur på siger
Sveio-trenaren trur at Sauda, som tapte mot Trott-laget Sveio tok poeng mot sist runde, skal vere mogeleg å slå.
Og han trur ikkje Sauda kjem med toppa lag.
— Dei er nok best på sin eigen heimebane. Med mange spelarar i full jobb, er det nok ikkje alle som orkar å reise heilt frå Sauda og rundt på Haugalandet for å spele bortekampar. Det er litt slik det er i 6. divisjon, seier Larsen.
Samstundes legg Larsen ikkje skjul på at han hadde ønskja seg enno fleire spelarar i eigen tropp. Rett før påske gjekk han ut på Facebook, i eit forsøk på å rekruttere fleire til å tre den raude drakta over hovudet. Det kom ikkje så mange.
— Me er vel dei same no som vi var ved sesongstart. 12-13 på trening og rundt 15 i kamptroppen, seier han.
En kritisk liten stall, med andre ord. Han er difor glad for at dei har unngått alvorlege skadar i ein litt tynn spelarstall.
— Det er jo alltids noe plukk. Men får ein no ein strekk, så er det no berre å spele vidare likevel, seier han.
Opnar kafeen
Det er i alle fall ein tent gjeng som er klar for å kjempe for siger mot Sauda. Og med siger vil lage kunne klatre nokre plassar på tabellen.
— Det blir kjekt å kome i gang med heimekampar. Me håpar på bra med publikum, sjølv om det ikkje er meldt det beste vêret, seier han.
Kafeen på sambrukshuset er open, som vanleg når Sveio spelar heime.
— Thorsen (rune, red. merknad) skal ha kaffien klar, lovar Larsen.
PS! Kamptidspunktet for Sveio-Sauda onsdag er endra frå klokka 20 til klokka 19.15.
Slik ser tabellen for 6. divisjon avd. 4 ut før kampen: