nyhende

Den siste tida har vore prega av høge straumprisar og tiltak mot dette. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Den siste tida har vore prega av høge straumprisar og tiltak mot dette.

Trur på normaliserte straumprisar først frå 2023

Det ligg an til høge straumprisar gjennom heile sommaren i Sør-Noreg, ifølgje Tor Reier Lilleholt i Volue insight. Marknaden trur på ei normalisering frå 2023.

Publisert Sist oppdatert

Til Dagens Næringsliv fortel analysesjefen at straumprisane heile sommaren vil vere langt høgare enn det vi er vane med.

– Vi snakkar om ein gjennomsnittspris i Sør-Noreg inkludert moms på rundt ei krone per kilowattime for andre og tredje kvartal – altså gjennom heile sommaren og ut september. Marknaden trur sommarprisen blir på vel 80 øre per kilowattime, pluss avgifter, mot vel 60 øre i fjor, seier Lilleholt.

Ifølgje analysesjefen trur marknaden på ei normalisering frå 2023, og framtidsprisane tyder på ein straumpris på fem øre meir per kilowattime (kWh) enn snittet for dei fem siste åra. For 2024–2030 ventar marknaden enn snittpris på 40–50 øre per kWh.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS