nyhende

– Trur på ein, håpar på fleire

Tverrpolitisk Fellesliste sin ordførarkandidat stemde i Sveio sokneshus. – Me er veldig spente, seier Asle Georg Halleraker på vegne av partiet.

Publisert Sist oppdatert

Han er litt forseinka til vallokalet, men tek seg løpande gjennom vind og duskregn.

– Eg måtte køyra dottera mi heimom først, humrar Asle Georg Halleraker, ordførarkandidat for det nye partiet Tverrpolitisk Fellesliste (TvF).

Saman med dei andre på lista synes han det heile er veldig spanande.

– Me må halda på den gode stemninga så lenge som mogeleg. Me er veldig spente, seier Halleraker.

Førehandskummulert

På TvF si liste, om ein tek med dei også lengst nede, finn ein totalt fire sitjande kommunestyrerepresentantar. Dei ventar no på om folk i kommunen er interessert i kva dei har å tilby, eit parti utan nasjonale tilknytingar.

– Det er no sveibuen har ein sjanse til å sjå om det er mogeleg med eit slikt alternativ, seier Halleraker.

Han er førehandskumulert og øvst på lista deira.

– Eg håpar me kjem inn med ein representant, så får me vera med i det gode selskap. Og så håpar eg på god valoppslutning. Eg trur vêret kan vera til hjelp, det er fint stemmevêr, seier han.

Håpar på fleire

– Satsar dykk ikkje på fleire enn ein som vert valt inn?

– Me trur på minst ein, men håpar på fleire. Det er viktig å få minst eitt mandat for då er me teken imot. Det er mange seriøse parti som ikkje er komen inn i kommunestyret, seier Halleraker.

På veg ut fra stemmelokalet er Miljøpartiet Dei Grøne sin førstekandidat, Kjartan Moe Hustvedt. Dei helser på kvarandre og ynskjer godt val.

Utfordrar til dei store

– Ser du på TvF som ein utfordrar til Arbeidarpartiet?

– Ja, både dei og Høgre. Ein plass må me ta stemmene frå. Det er dei store partia me ynskjer å utfordra, svarar Halleraker.

– Har TvF eit ynskje om samarbeid med nokre spesifikke parti?

– Me er open for samtalar med alle, avsluttar Halleraker før han går inn for å stemma.

Powered by Labrador CMS