I arbeidspraksis:

I arbeidspraksis: Vanessa Tveit Sørbø.

–Det må vera kundane som kjem inn med eit smil

Denne våren har Vestavind Dani Lukas Grunnevåg i arbeidspraksis. Han skal prøva seg på forskjellig, og vil mellom anna halda fram spalta «I arbeids­praksis». Her får du møta andre 8. klassingar som er ute i jobb ein dag i veka. 

Publisert

Denne veka er det Vanessa Tveit Sørbø som har arbeidspraksis på Haugli Sveio.– Kvar jobbar du? 

– Eg jobbar på Haugli bakeri

– Kvifor valde du denne jobben? 

Hei sveibu

Navn: Vanessa Tveit Sørbø
Alder: 14 år
Bustad: Våga

– Eg valde den på grunn av at tanta mi er sjef her. 

– Kva er arbeidsoppgåvene dine? 

– Eg kuttar brød og grønsaker, og så vaskar eg bord. 

– Kva likar du best med denne jobben? 

– Det må vera kundane som kjem inn med eit smil om munnen. 

– Er det noko du synes er utfordrande? 

– Nei, det er ein ganske lett jobb og me gjer nesten det same kvar dag. 

– Synes du jobben passar for deg? Kvifor/kvifor ikkje?

– Eg synes ikkje det fordi det blir ofte litt kjedeleg når ein gjer det same kvar dag. 

Powered by Labrador CMS