nyhende
Basseng-vedtaket:
Trur nytt basseng kan gi frivilligheita ei oppside
Eit nytt basseng i Sveio kan gi både ei praktisk og økonomisk oppside for frivilligheita i kommunen, trur politikarane som står bak det samrøysta vedtaket. Sveio IL er klar for å gå dialog med kommunen om eit samarbeid for å utvikle bassengdrifta.
Lars Einar Hollund (H), Rune Teikari (Frp), Jarle Jacobsen (KrF) og Asle Georg Halleraker (Ap) er dei fire som har utforma fellesforslaget i bassengsaka, som vart samrøysta vedtatt i Sveio formannskap måndag kveld.
Dei understreker at den delen av vedtaket som handlar om at ein ønskjer å gå dialog med frivilligheita for å få til drift av publikumsbad i ein ny svømmehall, er mynta på at dei ser det som ein mogelegheit til å kunne bidra til å utvikla delar av det frivillige arbeidet i lokale lag og organisasjonar.
— Me er ikkje ute etter å legge noko ekstra byrde på frivilligheita. Tvert om, understrekar han.
Dagleg leiar-rolle
Konkret i denne saka kan det vere aktuelt å sjå på om administrasjon av ein ny svømmehall kan vere ein del av oppgåva til ein mogeleg framtidig dagleg leiar i Sveio idrettslag. Ei slik stilling finst ikkje i dag.
Lars Einar Hollund peikar på at Sveio IL er blitt ein stor organisasjon.
— Når du kjem opp i ein viss storleik kostar det mykje å drive idrettslag på frivillig basis, og fleire kvir seg for å ta sentrale verv grunna arbeidsbyrden. Då kjem ein raskt til eit punkt kor ein må tilsetje nokon som kan syte for at alle dei dageege rutinane blir gjort, og på den måten utvikle idrettslaget vidare, seier han.
Rune Teikari (Frp) meiner bassengsaka kan vere ein mogelegheit for dei som kan og vil engasjere seg, som kan få fin oppside.
— Både praktisk og kanskje også økonomisk på sikt. Og det kan bidra til ei løysing kor dei frivillige kan bruke tida si på idretten, og ikkje administrere altfor mykje, seier han.
Politisk samarbeid
Alle fire er også glade for at ein ser ein ny trend i Sveio-politikken, kor ein finn løysingar som dei forskjellige politiske partia kan stå bak i fellesskap.
— At ein politisk står samla er eit viktig signal å sende ut både til dei som skal organisere dette frå kommunen si side, men også ut til frivilligheita, meiner Asle Georg Halleraker (Ap).
Jarle Jacobsen (KrF) peikar på at bassengsaka har vore jobba med sidan 2007.
— Å lande saka på denne måten gir grunn til optimisme. Ikkje berre for bassenget, men også for Sveio-politikken. Kanskje går me inn i ei tid kor me er litt meir samla om ting, seier han.
Lars Einar Hollund legger til at bassenget ikkje er bygd enno.
— Det står att eit viktig kommunestyremøte 21. februar. Ein må aldri forskottere noko som helst, og ein må stå på kvar einaste dag for å få dette til, understreker han.
Sveio IL er klar
Sveio IL-leiar Line Remøy Bertelsen seier til Vestavind at dei er klare til å drøfte mogeleg samarbeid med kommunen knytt til bassenget, eit anlegg ho trur vil styrke idretten i Sveio.
Ho kan fortelle at idrettslaget allereie er nær ved å lyse ut ei stilling som dagleg leiar, enten som 80 eller 100 prosent.
— I første omgang som ei prosjektstilling. Det for å etter kvart kunne sjå kva mogelegheiter ei slik stilling vil gi for idrettslaget si utvikling, og ikkje minst for å sjå om ei slik stilling er økonomisk berekraftig over tid, seier ho.
— Vil idrettslaget vere klar til å gå dialog med kommunen om dei vil drøfte økonomisk støtte til ei dagleg leiar-stilling, mot at stillinga også skal jobbe for å utvikle drifta av kommunen sitt basseng?
— 100 prosent, det er ein diskusjon vi er kjempe-mottakelig for å ta del i, seier ho.