nyhende
Trollmann frå Sveio kjempar om sigeren i MGP
For andre året på råd skal ein sveibu vere med å kjempe om sigeren i Melodi Grand Prix. Oslo-busette Jostein «Trollmannen» Austvik frå Sveio og Erik Renton har skrive låta «Dance Like A Pink Flamingo».
Jostein Austvik, opphaveleg frå Sveio, er ein del av bandet TrollfesT, som blir å sjå allereie i den første av fire delfinalar, som blir sendt direkte på NRK1 førstkomande laurdag.
Balkan-inspirert
«Med ei forkjærleik for metall og musikk frå Balkan-området, nyttar dei seg av instrument som saxofon, trekkspill og synthar som blandast saman med eit ekstremt uttrykk», heiter det i NRK sin omtale av låta.
Høyr låten og sjå videoen til låta her:
I fjor deltok ein anna sveibu, Stig Espen Hundsnes, i MGP. Saman med venene i Blåsemafiaen nådde han semifinalen i konkurransen.
Dagbladet har allereie anmeldt TrollfesT si låt, og har gitt den terningkast 1. Slakt, med andre ord. Det har bandet stolt vist fram på si Facebook-side.
I fjor trilla same avis terningkast 1 for artisten Tix si låt «Fallen Angel», låta som til slutt vann den norske finalen.