nyhende
Trøbbel for kysttorsken og oppdrettslaks
Havforskingsinstituttet har sett på effekten av klimaendringane i nordiske havområde om utsleppa heldt fram som før. Bryggen i Bergen vil drukne i ausregn og torsken slite i sør.
I den nye rapporten «Klimaendringer og effekten i de nordiske havområdene» presenterer Havforskingsinstituttet ulike scenario over kva som vil skje på kort og lang sikt om klimagassutsleppa heldt fram som i dag.
Fleire havforskarar frå HI og nordiske samarbeidspartnarar har bidrege til rapporten, skriv forskning.no. Forskarane understrekar samstundes at verknaden på artar og biologisk mangfald er vanskeleg å forutseie, ettersom det er mange variablar som spelar inn.
Stigande havnivå
I havområda i nord vil vi få stigande havnivå og varmare hav, og heilt i nord vil havisen bli borte. Allereie i dag er dyreplanktonet raudåte truga fordi det ikkje trivst i varmare hav. Raudåte er den viktigaste maten til nyklekt ungtorsk, og konsekvensen er at det kan bli færre torsk i havet.
Det er også stor forskjell på effekten varmare vatn har på torsk og på skrei. Kysttorsken er langs kysten heile året, skreien vandrar frå Barentshavet til Lofoten og Vesterålen for å gyte om våren, medan polartorsken heldt til under isen i Barentshavet. Sistnemnde er truga fordi isen smeltar, medan skreien vil trivast betre i varmare vatn, skriv forskning.no.
Kysttorsk og oppdrettslaks
Kysttorsken får det særleg trøblete i sør, og oppdrettsnæringa får utfordringar i sørvest, slik som i Rogaland, fordi vatnet kan bli for varmt for lakseoppdrett. I Troms og Finnmark vil temperaturstigninga derimot vere gunstig for laksen og gjere at havbruket vil kunne ekspandere.
Havet kjem til å stige både fordi varmt vatn tek meir plass enn kaldt, og fordi isen på land vil smelte. I Oslo stig landet framleis raskare enn vatnet stig, i motsetnad til i Bergen. T
il forskning.no seier forskar Geir Ottersen ved Havforskingsinstituttet at bergensarar må rekne med at regnskurar oftare vil føre til kraftige bølgjer som kjem til å skylje innover Bryggen, og at kombinasjonen av kraftig pålandsvind og høgare vasstand kan bli skummel.